NRK Meny
Normal

Er du kvinne? Reis til Solund, dei treng deg!

Solund kjem på åttande plass i kåringa over kommunar med få kvinner. Det er 71 kvinner per 100 menn i bygda.

Hardbakke med kommunehuset

IDYLL: Hardbakke er sentrum i Solund, og ordførar Ole Gunnar Krakhellen er klar til ønskje som kvinner som vil komme til bygda velkommen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er klart at vi ikkje likar å komme dårleg ut i ulike vurderingar. Men vi tek ikkje dette så tungt. Vi må jobbe med å auke talet på både kvinner og menn vi, seier ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen.

Aftenposten.no fortalde fredag om kvinneunderskotet i distrikta. Det er fleire kvinner som vel høgare utdanning og dermed reiser frå dei små bygdene.

Er klar til å ta imot

Men det stoppar ikkje der. Det er fleire kvinner som flyttar generelt, og det vert også diskutert om kvinner reiser frå gubbe og kvinnekulturen i små samfunn. Det er Møreforsking som har sett på dette.

I Solund er ikkje Krakhellen så veldig uroa over at det berre er 71 kvinner i mellom 20 og 39 år per 100 menn.

– Vi må jo satse på at vi klarer å trekkje til seg oss både kvinner og menn. Eg nektar å la ein statistikk Aftenposten vere kroken på døra for oss, ler han.

– Men korleis skal de klare å auke folketalet utan kvinner?

– Vi må uansett ha både kvinner og menn. Og vi jobbar med tilflyttingsprosjekt heile tida. Og vi er i tett dialog og samarbeid med næringslivet her for å promotere kommunen.

– Ei av årsakene forskarane trekkjer fram er arbeidsinnvandring. De har mykje av det?

– Det er klart at så lenge vi berre rekrutterer ein arbeidstakar som har familien sin i heimlandet så får vi ikkje fleire hit. Men næringslivet er svært opptekne av å rekruttere heile familien.

Ole Gunnar Krakhellen

OPEN VEG INN: Ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen, seier det er opptil fleire kjekke karar i Solund og at han ikkje er uroa over at det er fleire menn enn kvinner der.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Ingen kvinnetom kommune

Dei siste seks åra har talet på kvinner i distrikta gått ned ifølgje Aftenposten.no .

Krakhellen trekkjer også fram at Solund er ein vanskeleg kommune å pendle frå og dei difor må arbeide medvite i kommunen.

– Men eg trur ikkje vi vinn på seie at vi er kvinnetom kommune. Vi har mange dyktige kvinner her vi, slår han fast.

– Så det er ikkje noko i vegen med mannfolka i Solund altså?

– Nei, det er mange kjekke menn her, ler ordføraren.

Og skulle kvinner som les dette bli inspirert til å ta turen til Solund, garanterer Krakhellen at han står på kommunegrensa og tek imot.

– Ja, eg ønskjer alle velkomne eg. Også menn, smiler han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser