NRK Meny
Normal

Send oss dine glimt frå Strandryddedagen

Minst 30.000 deltek på den årlege Strandryddedagen som blir arrangert langs heile kysten i dag.

Søppel på Mellom Bolæren

SØPPEL: Søppel langs norskekysten har fått eit stort fokus i år. I fjor vart strender tilsvarande 87 mil rydda for avfall under Strandryddedagen. I år er det eit stort engasjement rundt aksjonen.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

Foreininga Hold Norge Rent reknar med å slå alle rekordar når årvisse Strandryddedagen blir arrangert i dag.

Allereie er 24.000 personar påmelde på førehand til dagen. Det er 5.000 fleire enn i fjor.

  • Er du av dei som deltek, send oss gjerne bilete på sf@nrk.no eller nytt #nrksf på Instagram.

– Vi må nok takke kvalen som ofra livet sitt for saka vår. Det er ingen tvil om at den hendinga har skapt veldig mykje meir merksemd rundt marin forsøpling i Norge, seier dagleg leiar Lise Gulbransen.

Stort engasjement

I Bremanger har Bodil Edvardsen ansvar for å koordinere at søppelet som blir plukka, blir henta og frakta vidare til sortering.

Ho har ikkje tal på kor mange lag- og organisasjonar og frivillige som har spurt etter både avfallssekkar og eingangshanskar.

Også Edvardsen trur Gåsenebbkvalen som vart funnen med 30 plasposar og store mengde småplast på Sotra har medverka til engasjementet.

– Men eg trur også at folk generelt er blitt meir bevisste på forsøpling. Det har vore mykje fokus på å halde Norge reint og emballasjehysteriet, seier Edvardsen.

I Bremanger er det mellom anna folk i sving på Grotle, Igland, Kjerpeseth og i Kalvåg.

– Marine Harvest har mellom anna rydda langs landevegen, rundt holmar, øyar og i viker frå båt. Det har vore eit veldig engasjement, seier ho.

Titals sekkar med plastboss i Sogn

Sogn fridykkarklubb har saman med Sogndal kommune, Norges dykkarforbund og Sparebankstifelsen DNB rydda i Sogn, saman med Venstre sine lokallag i Sogndal og Leikanger.

21 deltakarar var med på å samle inn mellom ti til tolv sekkar med plastboss frå strand og svaberg på Ylvisåker.

Rydding

FRÅ STRAND OG SVABERG: Titals sekkar med boss er resultatet etter ei opprydding på Ylvisåker.

Foto: ARVID MELLINGEN

Fleire ryddeaksjonar i Askvoll

Ute ved kysten i Askvoll var det fleire som tok i eit tak under Strandryddedagen. Askvoll-ordførar, Frida Melvær (H), var sjølv med på å plukke boss.

– Det har vore mange aksjonar i Askvoll kommune. Vi er stolte over innsatsen, seier ordføraren, som fekk med seg Askvoll Høgre på Strandryddedagen.

Rydding

RYDDA LANGS ASKVOLL: Frida Melvær og Ole Andre Klausen i Askvoll Høgre brukte laurdagen på å rydde i Askvoll.

Foto: PRIVAT
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.