Hopp til innhold

Er drittlei hundeskit i skiløypene

Mange hundeeigarar gjev rett og slett blaffen i å fjerne hundeskit ute i skiløypene.

Ber hundeeigarar ta ansvar

FÅTAL: - Eg trur nok det er eit fåtal av hundeeigarane som øydelegg for alle andre ved å ikkje ta ansvar, seier styreleiar ved Langeland Skisenter, Kjetil Bjørset.

Foto: Runar Henriksen Jørstad/Guro Kvalnes / NRK

– Det er same problemet kvart år. Hundeeigarar passar ikkje nok på hundane sine slik at dei gjer frå seg på stadar der vi absolutt ikkje skal ha hundeskit, seier styreleiar ved Langeland Skisenter i Gaular, Kjetil Bjørset.

Hundeskiten er å finne både hist og her på parkeringsplassen, og på utsette stadar i løypene, spesielt i to- og trekilometeren.

– Også rundt skihytta er det ein del, seier Bjørset.

Køyrer løyper to gonger om dagen

Med stadig nye snøfall, slik det har vore siste tida, forsvinn skiten fort. Men så snart vêret slår om, dukkar sakene opp att. Og for løypekøyraren er det lite triveleg å skulle køyre opp trikkeskinner når løypa brått vert skjemd av klattar.

– Det vert køyrt opp løyper to gonger om dagen, og når skiten kjem fram, vert det smurt utover i løypene. Det er absolutt ikkje ønskjeleg, seier Bjørset.

Han peikar på at anlegget er mykje brukt, både av store og små. Og spesielt med tanke på dei små og litt ustødige, er hundeskiten spesielt lite triveleg.

– Ein kan jo tenkje seg sjølv når ungar dett i ny og ne. Det er ikkje bra, seier Bjørset.

Løypekøyraren hadde med spade

I dag har løypekøyraren teke for seg løypene grundig og fjerna hundeskit med spade. Men det er ikkje noko som skal verte ein vane.

– Dette er hundeeigarane sitt ansvar. Så vi oppmodar dei om å ta det. Det kan ikkje vere vår oppgåve å passe på dette, seier Bjørset.

Han understrekar at det å ikkje ha med seg hundepose, eller å ha brukt dei opp, ikkje er ei unnskyldning.

– Då får ein bruke skituppen eller noko anna og vippe skiten godt ut av løypene, seier Bjørset.

Førebels har dei ikkje vurdert å komme med noko hundeforbod i skiløypene.

– Vi håpar at folk ryddar opp etter seg, og vi trur også det er eit mindretal som øydelegg for alle. Eit forbod er ikkje vanleg i skiløypene, seier Bjørset.

Ber folk ta ansvar

Han appellerer til vanleg folkeskikk og god hundeskikk.

Elles er styreleiaren glad for å sjå at skianlegget har vorte flittig brukt i romjula.

– Vi er eit ope anlegg, så vi har ikkje tal. Men vi har eit inntrykk av at det har vore svært mykje folk der oppe. Det er eit sug etter å komme seg på ski. Vi er overvelda over tilstrøyminga, seier Bjørset, som ønskjer alle skigåarar velkomne, både med og utan hund.

– Men ta ansvar, og ha kontroll på hunden, slik at det er kjekt for alle å ferdast i løypene, seier Bjørset.