Hopp til innhold

Er djupt skuffa over eiga regjering

Sjukehuset på Nordfjordeid er det hardast råka sjukehuset i Regjeringa si endelege løysing på helsestriden.

Marta Finden Halset og Sonja Edvardsen

SKUFFA: Sonja Edvardsen er skuffa over regjeringa si avgjerd om å leggje ned fødeavdelinga på Nordfjordeid.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Eg meiner heilt klart at dette er utruleg skuffande i høve politikken ein gjekk til val på, seier Eid-ordførar Sonja Edvardsen (Ap).

Regjeringa bestemte seg torsdag for å redusere fødetilbodet i Odda, Lærdal og Lofoten. På Nordfjordeid blir fødeavdelinga lagt ned - i staden skal ein opprette ei jordmorstyrt fødestove.

Meiner ny veg vil gje kortare avstand

- Vi har med bakgrunn i faglege utreiingar vore klare på at det ikkje er godt nok med fødestove. Vi treng ei fullverdig fødeavdeling. Dette er eit tilbakesteg i høve det å ha eit likeverdig fødetilbod over heile landet, seier Edvardsen.

- Fødeavdelinga på Nordfjordeid blir slege saman med fødeavdelinga i Volda for å skape eit robust fagmiljø, seier helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Regjeringa legg mellom anna vekt på at situasjonen i delar av Nordfjord vil bli endra, etter at Kvivsvegen mellom Nordfjord og Sunnmøre vert opna. Med vegen blir det monaleg kortare avstandar for store delar av befolkninga i Nordfjord.

Skal ta i bruk omstridd ruspost

Nordfjord sjukehus misser ortopedien, men regjeringa løyver 25 millionar kroner over tre år for å omstille sjukehuset:

Mellom anna skal den omstridde rusposten, som i eit par år har stått ubrukt, takast i bruk. Og dei skal satse meir på kronikarar som brukar sjukehustenestene hyppig.

LES OGSÅ:

- Rusposten er klart gledeleg, og den har vi kjempa for i mange år - så det er på tide for den gruppa som treng det. Men vi må sjå heilskapen, og vi er på ingen måte nøgd med dette vedtaket - for det samstemmer ikkje med ei god utvikling for dei fødande på Eid, seier Edvardsen.

Trur på fleire fødslar under transport

Både i Odda, Lærdal og Lofoten mister dei den forsterka fødestova si. Det vil seie at regjeringa fjernar gynekologstillingar ved desse sjukehusa, og gjer dei om til jordmorstyrte fødestover.

Lærdal står i fare for å miste heile fødetilbodet, dersom dei ikkje klarer å rekruttere jordmødrer lokalt.

- Vi veit at kvinner med lang fødeveg uroar seg veldig på slutten av svangersklapet: Vil ein komme fram til det store sjukehuset, vil vegen vere køyrbar - og kva skjer om ein ikkje kjem fram? Det vil no garantert bli fleire fødslar under transport og utanfor institusjon, seier sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge.