Hopp til innhold

Er dette tidenes grunnstøyting?

Mellom 150 og 200 meter over havet, langt frå sjø og vatn, kom Geirmund Henjum over ein einsam båten. – Eg måtte jo le, seier han.

"grunnstøyting" på Leikanger

SOM EIN BÅT PÅ LAND: Hellbillies sin song får plutseleg bokstaveleg meining når ein ser bilete som dette. Kanskje særleg når båten held til langt oppe i fjellsida.

Foto: Geirmund Henjum

Å sjå ein båt på land er ikkje så uvanleg, men når båten ligg langt oppi fjellsida utan verken ferskvatn eller sjøvatn i nær omkrins begynner ein kanskje å lure.

– Kven skulle trudd det? Ein båt her oppe?

Det var første tanken som slo Geirmund Henjum då han på spaserturen gjekk forbi ein einsam båt på marka på veg opp mot Skahaug over Hermansverk.

«Svært kraftig grunnstøyting/kunst»

Dermed måtte han berre eit ta eit bilete og leggje ut på Facebook.

«Kan rapportere om svært kraftig grunnstøyting/kunst på Leikanger», er kommentaren til biletet.

– Av og til ser ein jo båtar i hagar, ved strender eller kanskje helst i og ved naust, men ikkje på ein bø oppe i fjellsida, seier Henjum.

Spøkefullt fortel han at han ikkje heilt har bestemt seg for om han likar det eller ikkje.

– Kanskje dei synest det er kunst? Det er no mykje av den slags, seier han.

– Mange måtar å lagre båtar på

– Ja, du kan seie det slik at det er mellombels kunst, flirer eigaren av marka, Jo Vikøren.

For kring to månader sidan fekk han båten av ein kamerat, men gav han vekk til ein annan kamerat berre ein halvtime seinare. Likevel har båten blitt liggjande.

– Vi skulle vel eigentleg flytte på han, men no trur eg han har planar om å fikse han opp der han står, fortel Vikøren som har plassert båten der for at han ikkje skal stå i vegen for seg sjølv.

Og at det kan sjå ut som ei grunnstøyting, og då av svært uvanleg slag, forstår han godt.

– Båten er jo ekstra full i vatn no så difor har han fått ein ekstra fin vinkel, som du ser på biletet. Det er mange måtar å lagre ein båt på, seier Vikøren.

Om båten nokon gong vert sjøsett att er førebels ukjend, men ...

– Det er no såpass myrlendt der at han er no nesten sjøsett allereie, humrar han.