Hopp til innhold

Plutseleg kvikna laksen til og stakk av

Jon Storsletten fekk truleg sesongens første då han ti minuttar over midnatt fekk på land ein 6,6 kilo stor laks.

Jon Storsletten med årets første laks

PÅ LAND: Like etter at Jon Storsletten var foreviga saman med laksen, kvikna laksen til og stakk av.

Foto: Jon Oppøyen

Storsletten er grunneigar langs Aaelva i Hyen og har fiska dei siste seks av sju år han har budd der.

45-åringen stilte seg ved elvebreidda fem minuttar før starten. Kort tid etter at laksefisket opna, sat den første på Åfluga.

– Det tok ikkje meir enn fem minuttar før den var på land. Den var 6,6 kilo, så det var slik at du kjenner at du har noko på, gliser han.

Laksen stakk av

Grunneigarane er samde om at laks frå seks kilo og oppover skal sleppast ut att så lenge den ikkje er veldig skadd. Dette gjeld spesielt for holaksen. Tre til fire kilos laksar vert rekna som matfisk.

(Artikkelen held fram under videoen)

Bli med Håkon Huseklepp på sesongens første laksefiske i Flekke.

SJÅ VIDEO: Første kast i laksesesongen 2013.

Men Storsletten fekk aldri sett kva kjønn det var på laksen. For laksen kvikna til etter at den vart foreviga med mobilkamera – og kan såleis halde fram det gode liv i elva i Hyen.

– Vi heldt den etter sporen inntil land og skulle til å sjå etter om det var ho eller han. Så kvikna den til og vi glapp den, fortel 45-åringen.

Vil ikkje ta opp alt

Storsletten heng likevel ikkje med leppa.

– Det hadde vore artig å fått den på matbordet, men sjansen byr seg nok sikkert seinare, seier han.

– Mi personlege meining er at vi ikkje skal ta opp alt. Det kan vere greitt å ta opp ein stor i ny og ne, men store og fine hofiskar slepp vi forbi for det gir større sjanse til å halde på laksestammen i elva, held han fram.

– Lite laks grunna kulde?

Laksen var den einaste som vart landa i Aaelva i natt. Storsletten seier sesongstarten står i stor kontrast med fjoråret.

– Då var vel dei første på ni og ti kilo, og det vart landa sju første natta. Det var beste sesongen på mange år, så eg veit ikkje heilt om det er den lange kuldeperioden som no er årsaka til at det er lite laks i elva, seier han.

– Aldri vore så dårleg

Dårleg sesongopning har det også vore i Flekkeelva, der det så langt er landa 12 laks. Her er tre av laksane på sju kilo. Den første landa klokka 01 ved Hellebust.

– Elva er lita, det har vore nordavind og skodda ligg ned i fjellet. Fiskarane meiner at det gir eit dårleg fiske, seier grunneigar Knut David Hustveit. Han hadde rekna med fleire større laks.

– Eg var borti ein på førstekastet, men sidan har eg ikkje vore borti noko. Sesongopninga har aldri vore så dårleg som i år, seier Bjarne Huseklepp. Han finn inga god forklaring på kvifor det er så liten aktivitet i elva.

17,7 kilo i Gloppen

I Aarøyelva var det tidleg laurdag ettermiddag ikkje fanga ein einaste laks, medan heller ikkje fisket i Eid har vore heilt stort så langt.

Hotelldirektør Preben Moen ved Gloppen hotell seier til firda.no at sesongopninga der er den beste på 30 år.

– I løpet av natta fekk vi åtte fiskar. Dei var på fem kilo, 6,6 kilo, 7 kilo, 7,7 kilo, 8,2 kilo, 9,5 kilo, 14,2 kilo, og den største var på 17,7 kilo, seier Moen til avisa.