Hopp til innhold

Er dette Norges største påskehøne?

Ideen om å lage ei stor gul påskehøne kom for godt over 20 år sidan. I helga vart den realisert.

Påskehøne, Dvergsdalen

RUVANDE: Om ein køyrer forbi området i Dvergsdalen skal det godt gjerast å ikkje få auge på den store gule skapningen.

Foto: Privat

– Utgangspunktet var at vi såg at nokon laga noko tilsvarande på Dvergsdalsstøylen tidleg på 1990-talet og vi syns det var så fantastisk. Sidan har vi tulla med tanken om å gjera det sjølve, seier Rønnaug Johanne Dvergsdal.

Påskehøne, Dvergsdalen

BARNDOMSDRAUM: Rønnaug Johanne Dvergsdal (t.v.) seier dei har prata om å lage ei stor gul påskehøne sidan dei var 10–12 år gamle. No har ho blitt 45 år og påskehøna vart ein realitet. Her saman med Emmerense Dvergsdal (midten) og Nina Masdal (t.h.)

Foto: Privat

Og under ein hyttetur til Dvergsdalen i Jølster i helga, saman med dei tre søstrene sine, ei venninne og barna, laga dei ei enorm gul påskehøne framfor hytta.

– Grunna rasfaren og litt dårleg vêr så kunne vi ikkje gå på ski. Så då sette vi berre i gong med å laga dei, ler Dvergsdal.

Med totalt 13 små og store sette dei i gong med å bygge påskehøna. Om lag to timar etter var dei ferdig. Dagen etter fekk dei tak i noko utgått gulmåling og farga den gul.

Det var Firda Tidend som først skreiv om saka.

Påskehøne, Dvergsdalen
Foto: Privat