Hopp til innhold

Er dette Norges beste plass?

Er Hafslo, Underdal, Davik eller Atløy Norges beste plass? Eller er det kanskje Vik i Sogn? Alle er no nominerte til prisen.

Vinteridyll på Hafslo

NOMINERT: Hafslo ein er av mange plassar i Sogn som er nominert til prisen. Ein flott plass å bu, står det mellom anna i nominasjonen.

Foto: Erling Sagerøy

Bur du på Norges beste plass? Eller er det nokon andre i fylket som gjer det? 32 plassar i Sogn og Fjordane er nominerte til Statens pris for den mest attraktive staden.

Kven som helst kunne nominere plassar, og då fristen gjekk ut denne veka hadde det kome inn nominasjonar frå heile landet.

Her i fylket har det vore stort engasjement.

– Sogn og Fjordane har vore veldig flinke, dei har kome med 91 nominasjonar. På landsbasis er det kome 750, seier Birte Fossheim ved Distriktssenteret.

Vik er ei vakker bygd og tilrettelegg for ungdom og ungar med idrett og mange aktivitetar, sumar som vinter. Fin natur for friluftsliv.

Utdrag frå ein av nominasjonane for Vik i Sogn

32 kjempar om finaleplass

Det er kommunaldepartementet som står bak prisen som skal gå til den mest attraktive staden å bu. Målet med prisen er å heidre kommunar eller andre som har gjort noko for å skape ein levande og attraktiv stad å bu, arbeide, drive næring og besøke.

I fjor gjekk prisen til Ulsteinvik, som var ein av sju finalistar. Nordfjordeid var også ein av finalistane, men gjekk altså ikkje heilt til topps.

I grunngjevinga for at Ulsteinvik stakk av med sigeren i fjor står det mellom anna at dette er ein plass som har arbeidd systematisk, smart og framtidsretta for å gjere plassen meir attraktiv. Kommunen er prega av optimisme, har stor tilflytting og låg arbeidsløyse.

Men no har ei rekkje plassar i Sogn og Fjordane fått ein ny sjanse. Til prisen for 2012 er har det kome inn 91 nominasjonar. Av desse er det fleire som føreslår same plassen, og til saman er det kome inn forslag på 32 plassar.

Desse er:

  • Atløy
  • Aurland
  • Øvre Årdal
  • Bakka i Nærøyfjorden
  • Breim
  • Bremanger
  • Bygstad
  • Davik
  • Førde
  • Fjaler
  • Florø
  • Fresvik
  • Gaupne
  • Gulen kommune
  • Hafslo
  • Høyanger
  • Hopland i Nordfjord
  • Hyen
  • Kalvåg
  • Kaupanger
  • Leikanger
  • Massnes Villmarksmuseum i Høyanger
  • Nessane
  • Nordfjordeid
  • Refvik og Refviksanden
  • Rugsund
  • Sogndal
  • Solvorn
  • Stongfjorden
  • Underdal
  • Vik i Sogn
  • Vevring

Vik er ei vakker bygd og tilrettelegg for ungdom og ungar med idrett og mange aktivitetar, sumar som vinter. Fin natur for friluftsliv.

Utdrag frå ein av nominasjonane for Vik i Sogn

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordlys over Atløy

SAMHALD: Eit fantastisk samhald har gjort til at folk trivest, skriv personen som nominerer Atløy til prisen.

Foto: Steinar Bauge

– Nest best i klassen

– Sogn og Fjordane skal ha skryt, dei er nest best i klassen. Oppland hadde 102 nominasjonar, medan Sogn og Fjordane er nest beste fylke med 91, seier Fossheim.

Variasjonen på plassane som er nominert er stor, og plassar frå heile fylket er med.

– I små bygder er det tydelegvis eit ganske stort engasjement for å utvikle lokalsamfunnet sitt.

– Men så er det også store plassar som er nominert. Det er artig å sjå at det på så pass mange plassar er folk i Sogn og Fjordane som er stolte av staden dei bur på, seier Fossheim.

Får pris på 250.000 kroner

No skal ein jury plukke ut mellom fem og 10 finalistar på landsplan.

– Desse plassane blir besøkt av juryen i løpet av april.

Og i slutten av mai kjem kommunalminister Liv Signe Navarsete til å dele ut prisen som er langt meir enn berre heider og ære.

– Vinnaren får også ein sjekk på 250.000 kroner som det lokalsamfunnet kan bruke til å utvikle staden vidare, seier Fossheim.

Aurland er ein idyllisk plass innerst i fjorden som har mykje å by på. Det er ikkje den største plassen, men me har alt me trenger og meir. Aurland har ein fantastisk natur og du vil alltid finne ein tur som passar for deg.

Utdrag frå ein nominasjon av Aurland
Undredal

SJARMERANDE: Ei sjarmerande bygd meiner ein av dei som har nominert Undredal til Norges Beste Plass 2013.

Foto: Cosmin Cosma / NRK