Hopp til innhold

Er det ok å gå i skiløypa?

Kven kan eigentleg bruke skiløyper? Diskusjonen går høgt i sosiale medier.

Skispor i Stryn

SPOR I SNØEN: Med sol frå skyfri himmel tek både skigåarar og turgåarar i bruk løypenettet.

Foto: Turløyper Stryn

– No er eg på veg ut på skitur. I kveld blir det kanskje opp til Røde Kors – hytta, eller litt lengre, seier Ann-Kristin Myklebust.

Myklebust ihuga skigåar, med skøyteski på beina, så når NRK får tak i ho, er det på veg ut døra på skitur. Men kva om nokon har brukt skiløypa til ein gåtur?

– Som oftast går det veldig bra og ein merkar ikkje dei som har gått i løypa, men dei dagane det ikkje er fast snø, og eg kjem seint på kveld når det er frose på, er det ikkje bra å kome der med skøyteski, seier Myklebust.

Ho er slett ikkje åleine om å vere engasjert i bruken av skiløyper. Temaet vert flittig diskutert i sosiale medier, med til dels steile frontar. Nokre vil vise vekk turgåarar, andre viser til allemannsretten.

Skispor og andre spor

– Nokre gongar har eg vurdert å ta av meg skia og gå, for det er så humpete at du ikkje kan skøyte, seier Myklebust.

Kva meiner mannen som lagar skispora?

– Eg ønskjer alle velkomne opp i løypene. For meg er det viktig at folk kjem seg ut i naturen og får oppleve den, seier Arvid Hatledal i Stryn turløyper.

Løypesjefen jobbar døgnet rundt

ALLE VELKOMNE: – Det er ingen som kan nekte folk å gå i løypene. Ein må prøve å vere audmjuke overfor kvarandre og ikkje kave seg opp, seier dagleg leiar Arvid Hatledal i Turløyper Stryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Men etter timar i trakkemaskina har Hatledal ei oppmoding til turgåarane.

– Løypa er godt fire meter brei, då skal det vere mogleg å gå utan å vere til sjenanse for kvarandre. Det er snakk om å vise omsyn, det gjeld både dei som går på ski og dei som går på beina, seier Hatledal.

Vil ha folk ut i naturen

Roy Veamyhr går ikkje sjølv på tur i løypa, men meiner løypene er til for alle, og viser til namnet.

– Det heiter turløyper. Det er ikkje alle som likar å gå på ski, og nokre vil følgje barna sine på ski.

Veamyhr viser til at ei liknande problemstillinga dukkar opp om sommaren, når syklande vil bruke stiar.

– Ein kan ikkje begynne å diskriminere nokon vekk frå løypa. Viss alle tek omsyn, så går dette fint. Vi skal vere glade vi har ein som Arvid som legg til rette både sommar og vinter.

Også Myklebust ønskjer at alle skal få bruke løypenettet, uansett kva dei har på beina.

– Turløypene må vere for alle, nokre gongar er løypene veldig breie og fine. Då kunne ein hatt ei løype utanfor klassisksporet, som dei gåande kunne brukt, då hadde det gått heilt fint med både gåande, klassisk og dei som skøytar.

– No skal eg verkeleg nyte kvelden, eg oppmodar alle til å bruke løypene, om du går på ski eller går på beina, seier Myklebust før ho spenner på seg skia.