Hopp til innhold

Er det Ivar Aasen som dukkar opp i fjellsida?

Med god fantasi ser ein tydeleg det som kan minna om eit ansikt dukke opp i fjellsida i Gloppen.

Ivar Aasen fjell

LIKE?: Fjellet til venstre og eit bilde av Ivar Aasen, syns du dei liknar?

Foto: Øystein Torheim

Når snøen legg seg i fjellet pleier dette ansiktet å dukke opp med jamne mellomrom. Tipsaren seier til NRK at dei har sett dette fleire gonger, og det vert sagt at kombinasjonen av snø og formasjonen i fjellet formar ansiktet til Ivar Aasen.

Ivar Aasen
Foto: Øystein Torheim

Om ein ser på bildet øvst i saka, er det ingen tvil om at det kan likna veldig på Aasen. Bilda er tatt frå Lotetunnelen og over Gloppefjorden.

Også ved den rasutsette Mannen i Møre og Romsdal har folk rapportert om at dei har sett ansiktsform i fjellet.

Har du sett liknande fenomen andre plassar i fylket? Ta bilde og legg det på Instagram med emneknagg #nrksf.

Ivar Aasen,

TIL HØGRE: Det er i fjellsida til høgre i bildet ansiktet dukkar opp.

Foto: Øystein Torheim