NRK Meny
Normal

Er den siste i 80-årgangen – men like motivert

SOGNDAL (NRK): Snart 20 år etter at den berømte 80-årgangen feia inn i norsk toppfotball, er no berre Rune Bolseth igjen som aktiv spelar.

Rune Bolseth klar for ny sesong

MOTIVERT: Rune Bolseth er klar for nok ein sesong i svart og kvitt. 35-åringen er like motivert som han alltid har vore.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det kjekkaste eg veit er å spele fotball. Eg er utruleg heldig som får spele i eliteserien igjen som 36-åring. Det er berre å nyte det, seier Rune Bolseth.

Han har akkurat lagt bak seg ei av Sogndal sine første treningar i oppkøyringa til ein ny sesong. Sidan 1999 har han – med unnatak av ein periode i Hønefoss – vore ryggrada i laget.

Men «Bolli» anno 2016 er ikkje heilt som «Bolli» for ti år sidan.

– Eg er litt smartare og litt tregare. Som 25-åring sprang eg nok fortare frå A til B. Men eg tek det igjen med smartness, seier Bolseth.

Øren trur på ein endå betre «Bolli» i år

Kapteinen var ein viktig spelar då Sogndal i fjor tok steget opp i det gode selskap. Bolseth spelte heile 26 kampar – 22 av dei frå start, trass i at han er den desidert eldste spelaren i stallen. Berre Hannu Patronen er over 30 år i tillegg til midtbaneterrieren.

Tidlegare Sogndal-spelar Tommy Øren er imponert over det kameraten presterer – og han trur veteranen kan bli minst like god i år.

– Han er like viktig utanfor bana som på bana. Men trenarane må sy ei rolle som gjer at han passar inn. Då kan han verkeleg bidra, meiner Øren.

Tommy Øren leiar Sogndal sitt juniorlag med stø hand

IMPONERT: – Bolseth har nok litt anna vilje og indre motivasjon enn det eg hadde, seier Tommy Øren.

Foto: Stig Høynes

– Er veldig krevjande etter at passert 30 år

Tommy Øren og Rune Bolseth utgjer halvparten av den berømte 80-årgangen i Sogndal. Saman med Anders Stadheim og Alexander Ødegaard feia kvartetten inn i norsk toppfotball ved tusenårsskiftet.

Sogndal hadde sin kanskje beste periode nokon gong. No er berre Bolseth igjen som aktiv spelar.

– Han klarer seg godt. Han har nok litt anna vilje og indre motivasjon enn det eg hadde, seier Øren.

– Gav de andre dykk for tidleg?

– Det kan godt hende. Men ein må ta nokre val i livet. Alt til si tid. Eg meiner eg gav meg i rett tid, då eg var på veg ned. Samstundes krev det ekstremt mykje når du passerer 30 år.

Eirik Bakke, Rune Bolseth og Kristian Fardal Opseth

VIKTIG I TROPPEN: Rune Bolseth er minst like viktig utanfor som på bana. Her i prat med trenar Eirik Bakke (t.v.) og Kristian Fardal Opseth.

Foto: Rune Fossum / NRK

Viktig med ein veteran i ein elles ung tropp

Bolseth står med 185 kampar og 19 mål i eliteserien før årets sesong. Han har halde koken sidan han debuterte i 1999. Trenar Eirik Bakke trur veteranen kan bli endå betre enn han var i fjor.

– Han er så profesjonell og svolten at han legg ned det arbeidet som skal til. No er det opp til han sjølv og kroppen hans kor lenge han kan halde på, seier han og legg til:

– Bolli er ein lokal gut som veit godt kva som skal til. Det er noko vi treng i ein tropp med mange unge gutar.

Sjølv er Bolseth motivert som aldri før.

– Det er spennande med Tippeliga igjen. Heile gjengen er sugen. Og eg trur vi skal bite godt frå oss. Personleg har eg trent godt og halde meg skadefri, seier «Bolli».

Rune Bolseth på trening

NÆRMAR SEG 200 KAMPAR: Rune Bolseth førebur seg til ein ny sesong på øvste nivå. Han kan passere 200 kampar i eliteserien om han held seg skadefri og får spele.

Foto: Rune Fossum / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser