Hopp til innhold

Er berre 20 år - men har ni NM-sølv

Det skal mykje til for å måle seg med merittane til Trude Raad. Laurdag tok ho sin niande NM-sølv for seniorar.

Trude Raad

NØGD - OG IKKJE: Trude Raad var nøgd med nok ein sølvmedalje - men meiner resultatet kunne ha vore betre.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Eg er nøgd med det, men eg håpar på endå ein sølv i diskos på søndag, seier Trude Raad.

Ho har nett lagt bak seg ein svært hektisk dag under NM i Sandnes: Først deltok ho i sleggje, som starta klokka 16.10. Deretter hadde ho berre nokre små minutt på å omstille seg, før kule-øvinga starta klokka 17.30.

Bra med sølv - skuffande resultat

Det enda med sølv i sleggje med 59,41 meter som beste forsøk. Gullet gjekk ikkje uventa til Mona Holm med 64,23 meter.

Deretter vart det fjerdeplass i kule med 12,51 meter - 20 centimeter bak bronsmedaljen.

Sidan 2007 har Raad dermed teke imponerande ni NM-sølv i sleggje, kule og diskos.

-Sølvet er veldig bra, men resultatmessig er eg misnøgd, seier Raad etter laurdagens innsats.

(Artikkelen held fram under biletet)

Raad får råd frå Isane

GODE RÅD: Rutinerte Elin Isane hjelpte med gode råd under kule-konkurransen. Til stades var også Jan Otto Aae (t.v.) og pappa Odd Raad.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kan ta nytt sølv på søndag

Den ambisiøse 20-åringen har nemleg kasta langt betre på trening, men slit med å få det ut i konkurranse. I sine beste stunder kan ho truge Mona Holm i kampen om gullet på slike dagar.

- Eg har potensial til det. Vi får sjå ved seinare høve, seier Gloppen-kastaren.

Laurdag fekk ho kule-råd av Elin Isane. Søndag skal dei to duellere i diskos - og mest sannsynleg står sølvkampen mellom dei to klubbvenninnene.

LES OGSÅ:

Marte Rygg Årdal enda på femteplass i sleggje med resultatet 48,81 meter. I kule enda glopparen på 10. plass med 10,77. Ho har tidlegare vore i medaljesjiktet i NM, men har denne sesongen slite med sjukdom.