Hopp til innhold

Dette epletreet blomstrar i september

Eple og blomster side om side i september – dette synet møtte Arne Sommer i Lærdal.

Eple og blomstring i Lærdal

BLOMSTRAR I SEPTEMBER: Eple og blomster side om side. Dette synet kan ein sjå i ein eplehagei Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

Han og kona bur halve året på Lærdalsøyri, i eit eldre hus med eigen frukthage.

– Noko slikt har eg aldri sett før. Både eple og blomster på same grein tykkjer eg er spesielt, seier Arne Sommer.

Færre eple enn vanleg

Arne Sommer

UVANLEG I HAGEN HANS: Arne Sommer seier han ikkje har sett noko slikt på treet samtidig før.

Foto: Jan Christian Jerving

Det var tanta hans som først oppdaga den spesielle greina på det gamle Prinse-treet. Ved sida av modne og flotte eple, er det full bløming på ei grein.

Vanlegvis står trea i full blomst om våren. Arne Sommer veit ikkje kvifor noko av treet blomstrar no i haust, men trur den kalde våren har skuld i det. Men eple blir det neppe av blomane.

– Nei, kulda tek nok knekken på dei før det kjem så langt, seier han.

Kald start på sommaren har også ført til mykje færre eple enn normalt i den gamle frukthagen.

– Eg har litt ulike epletre utanfor huset og det er ikkje så mykje eple som vanleg her i hagen min, seier han.

Slikt skjer av og til

Fylkesgartnar Torbjørn Takle seier det ikkje er heilt uvanleg at epletre blomstra på feil tidspunkt.

– Det er nok den kalde og seine våren som har ført til dette. Blomstringa kom seint i gang og difor har denne brått byrja blomstre på seinsommaren. Men eple blir det ikkje, det har ikkje blomane nubbesjanse til å bli no så seint på fruktsesongen, seier Takle.

Arne og Ellen Mari Sommer

GAMALT HUS PÅ ØYRI: Ekteparet Arne og Ellen Mari Sommer bur halve året i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving