Hopp til innhold

Entreprenørar får 800.000 kroner i trekk for dårleg brøyting

Statens vegvesen varslar trekk i betalinga både til Mesta og E. Opedal og Sønner.

Dårleg brøyting i Naustedalen

KLAGAR: Elin Haugen var oppgitt over vegvedlikehaldet i vinter. Men ho er ikkje åleine, for vegvesenet har fått ei rekke klagar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Statens vegvesen meiner vintervedlikehaldet av vegar i Nordfjord, Sunnfjord og Midtre Sogn ikkje var godt nok sist vinter.

– Entreprenørane har ikkje oppfylt kontraktene, seier Margot Åsebø i Statens vegvesen.

Nesten ein million i trekk

E. Oppedal og Sønner får trekk på 400.000 kroner på Nordfjordkontrakta, og 300.000 kroner på Sunnfjordkontrakta. Mesta får trekt 100.000 kroner for jobben i Midtre Sogn.

Entrepenørane har femårskontraker som har ein verdi på mellom 100 og 170 millionar kroner.

– Størrelsen på trekka blir vurderte ut ifrå kontraktsreglane, grad av alvorlegheit og kva konsekvensar det dårlege vedlikehaldet har har hatt for trafikkantane, seier Åsebø til NRK.no.

Statens vegvesen i Sogn og Fjordane har fleire gonger vurdert å stengje vegar på grunn av dårleg brøyting i vinter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Er dette godt nok brøytt?

GODT NOK?: Ei rekkje trafikkantar har i vinter klaga på vegvedlikehaldet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Nøydde til å bruke dei verkemiddela vi har

– Ifølgje bestemmingane i kontrakta har vi rett til å trekkje i oppgjeret dersom kontrakta ikkje er oppfylt. Det meiner vi er tilfelle på forhold som spesielt går på vintervedlikehaldet og fjerning av snø og is på fleire strekningar, seier Åsebø til NRK.no.

Ingen i leiinga av E. Oppedal og sønner har vore tilgjengeleg for kommentar, men no skal entrepenørane komme med sitt syn og eventuelt lovand om betring.

Vegvesenet vil etter dette avgjere om dei skal stå fast på, eller endre på trekksummane.

– Vår oppgåve er å sørge for at vi har eit best mogleg vegnett å tilby trafikkantane. Standarden på vegvedlikehaldet er klart definert i kontrakta, og når vi meiner at vi ikkje får utført dei oppgåvene som er beskrive i kontrakta, så ser vi oss nøydde til å bruke dei verkemiddela vi har, seier Åsebø.

Elin Haugen er frustrert over den dårlege vegstandarden i vinter. Høyr radiosak frå januar: