Hopp til innhold

Enoro sikra viktig avtale

Dataverksemda Enoro i Dale har skrive under på ein omfattande avtale med energiselskapet Fortum. Fortum er ein av dei største straumleverandørane i Norden og får no hjelp av sunnfjordselskapet til å gje kundane i Norge og Finland betre service. Enoro skal levere eit system som vil handtere kundeservice og fakturering for 700.000 energikundar, skriv selskapet i ei pressemelding.