Sunniva Oldeide bur i Måløy og ser etter eit hus i Holvik, utanfor sentrum. Men i Vågsøy kommune er det lite som rører seg i bustadmarknaden, så ho og familien er nøydde til å vere tolmodige.
– Eg trur folk på bygdene trivst ganske godt, for det er lite utskifting og veldig sjeldan bustader til sals, seier ho.
Sidan familien bur i eit hus i Måløy, har dei ikkje hastverk med finne eit ledig hus. Men etter fem år med venting har det blitt lenge.
Store skilnader
I Sogn og Fjordane er det enorme skilnader i bustadmarknadene mellom ulike kommunar. Medan det går treigt i Vågsøy, går det unna i Sogndal. Dette gjer merkelege utslag på kvadratmeterprisane i dei to kommunane.
Skilnaden i folketal mellom Vågsøy og Sogndal er litt over tusen innbyggarar, men Sogndal hadde 800 prosent høgare kvadratmeterprisar enn Vågsøy i andre kvartal i år.
I vår var gjennomsnittleg kvadratmeterpris på bustad i Sogndal kommune om lag den same som i Bergen kommune.
Her kan du sjå prisane i fylket:
Studentar lager press
Prisane i Sogndal kommune skil seg ut frå dei fleste andre kommunane i fylket. Der er det for få bustader til alle som treng det.
– Det er lite til sals i marknaden, og det er mange kjøparar. Det vil seie at prisane blir pressa oppover, seier Kenneth Bjørk i Aktiv Eiendomsmegling i Sogndal.
Det spesielle med Sogndal er at 3 800 studentar utgjer ein stor del av innbyggjartalet i bygda, og dei er ute etter leilegheiter med kort avstand til sentrum.
Dei fleste studentane i Sogndal leiger, men sidan leigeprisane for tida er høge, er det nokon som finn andre løysingar.
– Nokon tenker kjøp heller enn å leige, med tanke på den lave renta. I løpet av tre-fire år kan det lønne seg framfor å leige, seier Sogndal-meklaren.
Arbeidsmarknad er viktig
Bjørke meiner det er ein klar samanheng mellom kommunar med gode utsikter for arbeidsplassar, og kommunar med høge bustadprisar. Eit døme på dette er Årdal, etter at Dooria-fabrikken vart lagt ned. Då blir bustadmarknaden motsett av Sogndal.
– Folk må ha arbeid å gå til før dei kan finne ein plass å bu. No ligg det mange bustader ute i Årdal, men kjøpargruppa er ikkje stor. Då blir tilbodet større enn etterspurnaden og då går det tråare i marknaden, seier han.
I Nordfjord er det fleire kommunar med lave gjennomsnittlege kvadratmeterprisar.
– Her er det ein del som går privat, altså ikkje innom meklar. Då viser det ikkje i statistikken, seier Nordfjordmeklar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Sissel Anette Halnes.