NRK Meny
Normal

Trur kommunetoppane kan vere meir kreative for VG-lista

– Alt for lite gyllefaktor, humrar Per Arne Tveit om kommuneleiinga i Førde sitt bidrag for å lokke VG-lista til Førde.

Ole John Østenstad, Trond Ueland og Olve Grotle

ENGASJERER: Rådmann Ole John Østenstad, kommunalsjef Trond Ueland og ordførar Olve Grotle blir utfordra av fredagspanelet til å la kreativiteten få utfalde seg endå meir.

Foto: Coop Extra

Dei siste dagane har bilete og videoar merka #extravglistatilførde florert på Facebook og Instagram.

Aksjonen har også engasjert ordførar Olve Grotle, rådmann Ole John Østenstad og kommunalsjef Trond Ueland. Utan at det imponerer alle.

– Eit godt bilete hadde vore å funne seg ein god gammaldags gjødseldunge, spreia denne med greip og så kunne David Zadig komme frå Dale og tatt biletet, seier Per Arne Tveit i fredagspanelet til NRK Sogn og Fjordane.

Best av 118

Det har ikkje lukkast å få stadfesta, eller avkrefta, at kommunetoppane tek utfordringa på strak arm.

Men i sunnfjordbyen har VG til det fulle fått kreativitet og engasjement dei etterlyste. Stort sett det som kan gå og røre på seg har medverka. Og arrangement kuppa.

Førde opplever eit enormt engasjement for å lokke VG-lista til Førde.

SJÅ VIDEO: Stuntet med å la seg gylle kan vere både galskap og kreativt, men det kan også gi Førde VG-lista. (FOTO/REDIGERING: ALF VIDAR SNÆLAND)

Det har fungert. Blant 118 konkurrerande byar, ligg Førde best an til å bli den femte og siste byen som 27. juli får besøk av VG-lista. Avgjerda fell måndag.

Simon Vie

STÅTT PÅ: Simon Vie har stått på for å eit engasjert og kreativt Førde og omland.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det hadde vore fantastisk kjekt om vi hadde klart å få eit så bra arrangement til Førde, seier Simon Vie, primus motor for aksjonen.

Flora med på laget

Siste vekene har Vie mellom anna fått førdianarane til å stille opp og la seg spyle med gylle. Han har også fått Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) og kystbyen med på laget.

– Vi har ei litt sunnare rivalisering i dag, og er nok litt tettare enn tidlegare, seier Vie.

– Kva tilbakemeldingar får du frå folk?

– Veldig mykje tommelen opp. Vi får på ein måte samla heile Førde. På kryss og tvers, alle jobbar, stillingar, idrett og alt som er. Vi har fått ein arena der alle kan stå på for Førde.

– Dette likar eg

– Eit godt døme på kreativitet, ablegøyer og det å ha det moro. Dei veit at dei i andre enden kan få denne store konserten til Førde. Dette likar eg, seier Nils R. Sandal, også han del av fredagspanelet.

– Det slår meg at når dei skal vise kven dei er, og stå fram som spesielle, så gjer dei det mange tenkjer at «dette skal vi ikkje vere kjende for»; gyllelukt og bønder i by'n, humrar Tveit.

VG-lista skal til Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim. Vie trur det vil vere ei stor påskjønning for lokalpatriotismen generelt, og Førde-patriotismen spesielt, om den også kjem til Førde.

– Det er eit flott arrangement som er litt i førdianarånda. Det er for heile familien, det er gratis og norges beste artistar som kjem. Klaffar det med vêret så kjem nok publikum frå andre stadar enn Førde også, seier Vie.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast