Hopp til innhold

Enorme skilnader i kor mykje antibiotika legar skriv ut

Enkelte legar skriv ut over dobbelt så mykje antibiotika som dei kommunelegane som skriv ut minst.

Antibiotika

ULIK PRAKSIS: Statistikken syner at det er svært ulikt kor mykje antibiotika legane skriv ut til pasientane.

Foto: Siri V. Saugstad / NRK

Det er stor skilnad mellom kommunane her til lands på kor mykje antibiotika som blir skrive ut. Det syner samla 2015-tal frå Samhandlingsbarometeret.

Medan Namdalseid kommune i Nord-Trøndelag gir ut 574 reseptar per 1000 innbyggarar, er talet for Båtsfjord i Finnmark 99. Desse to kommunane er i kvar ende av skalaen for kor mykje antibiotika legane skriv ut.

Hans Johan Breidablik

STOR SKILNAD: Hans Johan Breidablik meiner skilnadane er store mellom kommunane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Kan få dramatiske konsekvensar

Overdriven bruk av antibiotika kan gjere at bakteriar blir motstandsdyktige. Målet er å bruke så lite at ein unngår at verdas viktigaste legemiddel blir utan verknad.

Fyrsteamanuensis ll og seniorrådgjevar i Helse Førde, Hans Johan Breidablik meiner forskjellane er for store.

– Det vil ha dramatiske konsekvensar om antibiotika ikkje lenger verkar, vi vil få problem med å behandle alvorlege infeksjonar som kan vere dødelege, seier Breidablik.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

– Det kan handle om tradisjonar

Målet no er å finne ut kva som er årsakene til dei store skilnadane.

– Dette er reseptar som er utskrivne av kommunelegar. 80 prosent av antibiotikabruken skjer i kommunehelsetenesta. Det handlar nok litt om tradisjonar, korleis ein løyser problem gjennom å bruke antibiotika, seier Breidablik.

Legeforeningen skeptisk

Gulen er blant kommunane som skriv ut mest antibiotika i Norge, i fylgje statistikken. Kommuneoverlegen der ville i går ikkje kommentere saka til NRK.

Men Legeforeningen meiner det ikkje er sikkert at det er ulik praksis, sjølv om statistikken syner skilnadar.

– Pasientar med lang avstand til sjukehus og apotek kan lettare få tilgang på resept i utkantane enn i tettstadar og byar, i tillegg kan alder på befolkninga ha mykje å seie, meiner leiar i Legeforeningen i Sogn og Fjordane Ronny Cassels.

Ronny Cassells

TVILAR PÅ STATISTIKKEN: Leiar i Sogn og Fjordane Legeforening, Ronny Cassells.

Foto: Privat

Trur det finst mørketal

I Balestrand sit ein av dei legane som skriv ut minst antibiotika i Norge. Men kommuneoverlege Gunnar Engan meiner det kan finnast mørketal på kor mykje antibiotika som faktisk blir delt ut.

– Vi er sannsynlegvis restriktive, men noko kan skuldast feilrapportering. Sidan vi ikkje har apotek i Balestrand har vi antibiotika på legekontoret som vi sel vidare, slike ting sminkar statistikken noko, seier Engan.

Engan trur likevel det er skilnad mellom legar:

– Det er eg ganske sikker på. Det ser vi også på ting som sjukemeldingspraksis og tal innleggingar.

Balestrand

BALESTRAND: I Balestrand skriv legane ut lite antibiotika, i fylgje statistikken. Men kommunelegen meiner det ikkje gir heile biletet.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Antibiotikabruken skal ned

Nasjonalt ynskjer styresmaktene å få ned tal antibiotikareseptar per tusen innbyggarar frå dagens snitt på 381 til 250 innan 2020.

Hans Johan Breidablik fryktar ikkje at folk ikkje skal få antibiotika når dei faktisk treng det.

– Dette er jo dilemmaet, dei som har stor nytte av antibiotika skal jo få det. Men det handlar om å balansere omsyna, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..