Hopp til innhold

Over 57 millionar kroner er prisskilnaden på desse to ferieeigedomane ved sjøen

Begge ligg ved sjøen, begge har flott utsikt og begge er til sals. Men prisskilnaden på dei to ferieeigedomane er 57,4 millionar kroner!

Hytter i Flora og Blindleia

FLORA OG SØRLANDET: Eigedomen (t.v.) ligg i Flora, den andre ved Blindleia på Sørlandet. Begge ligg ved sjøen, men prisskilnaden er enorm.

Foto: finn.no

Det kostar å vere kar i hytte-Norge. Den dyraste fritidseigedomen til sals i Norge no ligg på Gaupholmen i Blindleia på Sørlandet, med ein prisantydning på 60 millionar kroner! Då får du rett nok med to sjølvstendige bustader, anneks, båthus og anna snacks.

Svært mykje rimelegare

Men er det sjøen, roen og freden du ønskjer deg, finst det langt rimelegare alternativ. På Askrova utanfor Florø kan du kjøpe denne eigedomen for 2,6 millionar kroner. Eiga kai, fire soverom og eit buareal på 88 kvadrat.

Og det er til og med litt over landssnittet for hytteprisar her i Norge. I følgje eigedomsmeklarbransjen si forening (Eff) er snittprisen for ein fritidsbustad her i landet hittil i år 2,29 millionar kroner. Både etterspurnad og pris går ned over heile landet.

– Det vi ser at det er enorme prisskilnader. Folk betaler gjerne mykje for lite på Sørlandskysten og i dei mest populære områda. Medan ein her i Sogn og Fjordane kan få veldig mykje meir for pengane, seier Pål Anders Kårstad til NRK.no.

– Jamt over ganske bra

Som dagleg leiar for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har han god kjennskap til ein marknad som i følgje han sjølv slett ikkje er så ille no som fleire andre stader i landet, der ein opplever nedgang.

– Her kan du få minst like god standard, større tomter og flott plassering til halv pris og under. Vår erfaring så langt i år er at fritidsmarknaden har vore jamt over ganske bra. Vi selger stort sett dei eigedomane vi har lagt ut for sal. Vi har og seld litt dyrare hytter enn kva vi har gjort tidlegare år, seier Kårstad.

Salet går tregt

– Marknaden for fritidsbustader ved sjøen går tregt. Samanlikna med i fjor, er det betydeleg nedgang i både i tal selde eigedomar, og talet på fritidsbustader som blir lagt ut for sal, seier Christian Vammervold Dreyer i Eff.

Bransjen forventar at mange fritidsbustader blir lagt ut for sal i juni, og dermed vil den negative prisutviklinga kunne halde fram gjennom sommaren.

79 eigedomar til sals

Eff har henta inn tal frå dei fleste fylka her i landet, utanom Sogn og Fjordane. Men om ein les annonser på til dømes finn.no, så er det liten tvil om at ein her kan gjere eit hyttekupp slik marknaden er no.

I skrivande stund er det 79 fritidseigedomar til sals her i Sogn og Fjordane via nettstaden, der den rimelegaste er i Holvik i Vågsøy. '

Der kan ein sikre seg ein eigedom med våningshus og stabbur for kun 190.000 kroner. Då må ein rett nok rekne med full renovering av dei verneverdige bygningane.