Hopp til innhold

Enorme mengder storsild

Storsilda kan kome sørover kysten av Sogn og Fjordane i sommar. Insiget av norsk vårgytande sild er no på veg sørover Mørefelta.

Sildefisk
Foto: Lise Åserud / Scanpix

Fiskarane og fiskeindustrien arbeider på høggir.

- Det er enorme mengder sild som står ute på Mørefelta så no det hektisk fiskeri her. Det seier skipper Tore Lyng på «Torbas» frå Måløy. Han trur silda når Stad i løpet av eit par dagar.

Historisk sus

Det er historisk sus kring det gamle storsildfisket, og i glansperioden på 1950-talet var hamnene i Florø og Måløy dekka av sildebåtar på denne tida av året.

Slik er det ikkje no lenger. Store havgåande båtar dominerer storsildfisket saman med ein del større kystfartøy. På Mørefelta er no til saman 10-12 båtar frå Sogn og Fjordane med på dette veldige fisket, der det i år skal fiskast heile 564 000 tonn NVG-sild,  norsk vårgytande sild.

Godt gamalt fiskeri

Fiskarar som Tore Lyng reknar med at silda kan kome sør om Stad i år.

- Det ser ut til at vi kan få ei gyting av god gamalt møster, trur Lyng.

 Denne norske vårgytande silda er svært viktig for store delar av den norske fiskeindustrien. Men frå i morgon fell sildetollen på 15 % til EU-landa bort, og då kjem truleg Danmark også banen for å kjøpe store kvanta med sild levert direkte frå norske båtar som då går rett til Danmark med lasta si.

 Her i landet er fiskeindustrien i Sogn og Fjordane dominerande når det gjelde mottak av sild, med kystkommunane frå Flora og nordover som dei store.