Hopp til innhold

Enorme kutt i vegløyvingane

Medan fylkesvegane får 900 millionar i år, blir budsjettet kutta til 50 millionar neste år.

Velaug Veum

Velaug Veum er uroa over sviktande løyvingar til fylkesvegane.

Foto: Heidi Ravnestad

-Det er utruleg dramatisk og betyr mellom anna at vi ikkje kan starte opp nye store prosjekt, seier Velaug Veum, fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane. Kun mindre investeringstiltak kan gjennomførast når løyvingane er så små, seier ho.

Olden-Innvik må vente

-Kva med til dømes ferdiggjeringa av Olden-Innvik?
-Ja, denne strekninga må vente dersom ikkje fylkespolitikarane vil ta opp nye lån.Det er sjølvsagt mogleg, men vi har allereie store lån.

Tappa av store prosjekt

-Kva er årsaka til den enorme reduksjonen i løyvingane?

- Det er fordi vi ferdigstiller Bremanger2 og Dalsfjordbrua. Dette er to store prosjekt som har tatt mykje ressursar. Når desse prosjekta no blir ferdige så går løyvingane ned.

Prioriterer vedlikehald

-Kva med vedlikehald og asfaltering. Går dette etter planen?


-Vi prøvar å halde vedlikehald og drift av vegane oppe. Vi prioriterer dette framfor nye prosjekt, seier Veum.