Hopp til innhold

Fortalde på Facebook om årevis med mobbing - har fått enorm støtte

I påska gjekk sosionom Knut Olav Halseth i Helse Førde ut og fortalde på Facebook om mobbinga han opplevde som ung. Dette har ført til massiv respons med støtte.

Knut Olav Halseth

TØFF TID: Knut Olav Halseth vart mobba som ung. Han meiner media bør bli flinkare til å også snakke med dei som mobbar.

Foto: NRK

– Eg opplevde eigentleg at det var mobbing frå dag ein. Eg vart hakkekylling fordi eg var nokre kilo for mykje. Det var i alle fall slik det starta. Etter kvart fann dei på fleire grunnar, fortel Halseth til NRK.

52 åringen som bur i Førde, men er oppvaksen i Molde, er også sportsmedarbeidar i avisa Firda og aktiv i lokalfotballen. Det var Romsdals Budstikke som først fortalde om Halseth si mobbehistorie.

Snakk med mobbarane

No meiner han at media også bør snakke med mobbarane og deira familiar og ikkje berre mobbarane.

– Som regel får ein berre historia frå dei som vert mobba. Det står sjeldan noko om kva mobbarane og foreldra deira tenkjer. Eg meiner ikkje at dei skal bli hengt ut med namn og bilete, men at dei i alle fall vert snakka med.

Han har sjølv snakka med fleire av dei som har mobba han i ettertid, og fleire har beklaga seg til Halseth.

Vonde minner

Ein gong på barneskulen hadde Halseth og dei andre elevane ein time fri midt på dagen fordi lærarane skulle på kollektiv legeundersøking. Difor var det ingen som heldt vakt.

– Då gjekk eg heim. Då sat eg foten ned. Eg vart døypt i snøen så eg heldt på å miste pusten og fekk panikkangst. Ramla eg på sklia, hoppa folk på meg, fortel han.

I tillegg hugsar han godt det vonde kallenamnet han fekk som følgde han heile skuletida til han var ferdig på ungdomsskulen.

– Heldigvis var eg fagleg sterk og kom gjennom skuledagen ved å hevde meg teorietisk.

– Er du bitter på alt som har skjedd?

– Ja, eg var vel det den gongen, men eg er ikkje det no.

Mykje støtteerklæringar

– Eg følte at eg var ferdig med det, men i påska var eg heime i Molde og eg kjende at eg ikkje hadde gått vidare likevel.

Til slutt valde han å fortelje om kva han hadde opplevd på ei Facebookside. Han hadde ikkje venta å få så mykje respons som han fekk.

– Eg fekk utruleg mykje varme og støtteerklæringar. Eg levde mykje i fortida og ein treng å bli ferdig med det som har vore for å kunne gå vidare. Dette var nok dropen som skulle til for at eg kunne leggje det bak meg.