Ikkje lett å passere for turistvognene. Foto: Jan Gudmund Skrivarvik
Jostein Berge tek seg med jamne mellomrom ein trimtur på vegen frå Briksdal Fjellstove inn til Briksdalsbreen. No om vinteren er han stort sett åleine på vegen som sommarstid aular av turistar frå alle verdshjørner.
Ti meter i diameter
Laurdag vart han stansa av ei steinblokk på ti meter i diameter som sperra vegen innafor nasjonalparkgrensa. Det var også nokre mindre blokker, og det var skadar på oreskogen.
Må sprengjast
Det er enno ei stund til turistsesongen i Briksdalen, men det er på det reine at det må sprenging til dersom turistane skal bli frakta inn til breen med hestekjerre eller dei nye motorvognene. Om det er greitt med ei slik sprenging inne i nasjonalparkområdet, blir noko byråkratane hjå Fylkesmannen må finne ut av.