Hopp til innhold

Fekk 14 tavler på eitt døgn

I går søkte Ole Stenbakk etter 16 tavler til skulane som skal til Haiti.

I dag er 14 av dei i boks.

Ole Stenbakk

Primus motor: Ole Stenbakk framfor ein av kontainarane som skal til Haiti.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Sidan sumaren har Ole Stenbakk samla inn bidrag til fire skular han skal sende til Haiti. Skulane er bygde lokalt i Sogn og Fjordane, og er del av gjenoppbygginga etter jordskjelva som råka Haiti i januar.

  • Her kan du lesa alt om krisa i Haiti

På lokalsendingane til NRK Sogn og Fjordane i går fortalde Stenbakk at han framleis mangla 16 tavler. Eitt døgn seinare har han fått 14 av dei.

Gjevarglede

– Prosjektet har gått utruleg bra. Det har vore ei gjevarglede eg ikkje har sett maken til, seier ein glad Ole Stenbakk.

Lokale bedrifter har bidrege med materiale, og bygginga har mellom andre bygglina ved Flora vidaregåande skule stått for. Etter at dei 16 tavlene vart etterlyste på radioen i går gjekk det ikkje lang tid før tavler strøymde inn:

– Eg trur ikkje det tok meir enn tre minutt før telefonen byrja å ringe. I løpet av dagen i går fekk eg inn totalt 14 tavler. Eg veit nesten ikkje kven eg har fått alle frå. No gjeld det berre å få samla dei inn, seier Stenbakk.

Sjå også sak frå Vestlandsrevyen (saka held fram under videoen):

Video Sender skulebygg til Haiti

Kan framleis få litt til

To tavler manglar framleis, men Stenbakk reknar med at også desse dukkar opp i løpet av kort tid. Sjølv om det meste er klart når det gjeld dei fire skulebygga, finst det likevel noko sjenerøse sjeler kan bidra med:

– Kladdebøker, viskeler, blyantar og liknande er eg framleis interessert i. Det er ting som er lett å få plass til i hulromma inne i kontainarane, seier Stenbakk.

Den fyrste av kontainarane med skulebygg og -materiell vert sendt 3. desember.