Hopp til innhold

Enorm respons på elendig scooter

Det er genialt å skrive dønn ærlege annonsar når ein skal selje elendige bilar og scooterar, meiner forskarar og bilforhandlarar.

Annonse på Finn.no

ELENDIG OG TIL SALS: Seljaren av denne scooteren reklamerer kor elendig den er - og har fått overveldande respons.

Foto: Skjermdropp av annonsen på finn.no

- Eg har iallfall fått 80 telefonar, om eg ikkje er heilt ute av teljinga no, seier Jan Rune Støyva.

Det er berre nokre dagar sidan han på finn.no la ut for sal ein scooter, som han sjølv har hatt store problem med - og som han difor vil bli kvitt.

Kan velje og vrake tilbod

I annonsen skriv 17-åringen frå Byrkjelo at ein med denne scooteren aldri kjem fram til ein stad til avtalt tid - og at det er ein ny tennspole med sliten scooter som vert seld.

«Med meg har den som regel stoppa på dei verst tenkjelege tidspunkt», reklamerer Støyva.

Likevel: No kan han velje og vrake i tilbod på scooteren.

Bilforhandlar skjønar responsen

Den siste tida har fleire og fleire lagt ut annonsar på finn.no om at dei vil selje «drittbilar» og «problemscooterar».

Og avdelingsleiar ved bilforhandlaren Berge & Co i Sogndal skjønar at dette gir stor respons.

- Eg trur dette er ein unik måte å få mykje blest om ting. Så om det gjeld bil, traktor eller møblar, så trur eg dette er ein heilt grei måte få seld ting på, seier Audun Mo.

Poenget er å skaffe merksemd

Myta om den uærlege seljaren får seg dermed ein real trøkk på marknadsplassen finn.no på internett:

Det løner seg faktisk å vere dønn ærleg...

- Folk har endeleg forstått korleis dette skal gjerast. Vi er midt i ein «finn-jungel» med alle moglege tilbod. Folk som skal finne eldre scooterar, kan ikkje sjå skogen for berre tre, seier førstelektor Gorm Kunøe ved Institutt for marknadsføring på BI.

- Her har vi ein som har veiva med armane, fått merksemd - og så er salet i gang. Det er genialt, seier han.