Hopp til innhold

Rekordpågang: Påmeldingssystemet krasja!

Då påmeldinga til Skåla Opp starta i dag tidleg, var pågangen så stor at systemet som skulle ta i mot alle påmeldingane krasja.

Skåla Opp 2014

TRONGT OM PLASSEN: Svært mange vil springe eller gå Skåla Opp. Så mange at datasystemet krasja i dag. Dette biletet er frå årets løp.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det vart utsett til klokka 12, og så klokka 15. Klokka 19.57 er konkurranseklassen fullbooka. Eg trur det hadde vore fullt på to timar om det tekniske hadde fungert, seier leiar i Skåla Opp, Erik Brendefur.

I fjor vart det fullt på to dagar. Med god deltaking i år, og mykje mediemerksemd, skjøna dei at trykket kom til å bli stort.

– Vi må skjerpe oss til neste år, og ha teknikken på vår side, for vi er ikkje nøgde slik det har vore no. Folk har sete på jobb og sløsa vekk ein times tid i dag, og det beklagar vi, seier løpsleiaren.

Ein eksplosjon av folk i motbakkane

Skålatårnet i Stryn

NATUROPPLEVING: Brendefur trur både motbakkebølgja og flotte naturopplevingar kan forklare pågangen.

På den andre sida, er Brendefur svært nøgd med at pågangen er så stor.

– Vi ser at interessa for Skåla har auka veldig i sumar. Det har vore folk i hopetal kvar einaste dag. Interessa er aukande for å kome seg ut i naturen og oppleve ting. Det tykkjer vi er kjempeflott.

– Det er ein styrke for folkehelsa. Vi hadde to påmelde i den nyoppretta BMI-klassa i år. No har vi allereie ein neste år, og håpar på fleire, seier Brendefur.

–Kvifor trur du det kjem så mykje folk?

– Folk vil ha kvalitetstid. Dei vil oppleve ting saman med familie og andre. Dei skal gjerne bu på hotell, men dei vil ha det artig i naturen og ha utfordringar.

Når det gjeld kvifor akkurat Skåla er så populært syner Brendefur til at motbakkebølgja held fram. Det er rundt 160 motbakkeløp no – det var tre då Skåla Opp starta.

– I tillegg vart Skålatårnet akkurat kåra til den mest originale turisthytta i Noreg, og Skålatårnet har alltid hatt ei høg stjerne blant veldig mange. Særleg frå Sogn og Fjordane og Bergen, men folk kjem frå heile landet og faktisk også utlandet for å gå på Skåla og overnatte, seier Brendefur.

– Stien toler mykje folk

Erik Brendefur

GOD STI: Brendefur er nøgd med talet på deltakarar i dag, men seier stien kan tole meir folk.

Foto: Bård Siem / NRK

Skåla Opp går i Jostedalsbreen nasjonalpark og har ei maksgrense på 800 konkurranseløparar. Når det gjeld mosjonistar er talet uavgrensa, men det har vore godt og vel 1000 mosjonistar på den dagen då løpet går.

– Det føler vi er ganske passeleg her oppe i fjellet. Løparane skal både opp og ned, og stien er flott tillaga, men smal. Om vi ligg på 1100 til 1300 mosjonistar er vi veldig nøgde med.

– Kan meir enn det skade området?

– Nei, vi hadde Skåla-sti prosjektet i fem år frå 2007 til 2012. Dei mest sårbare delane av stien er oppgradert med sti med steinar og steintrapper. Nesten 3,5 kilometer er tilarbeida av lokale folk på dugnad og sherpaer frå Nepal. Sjølve stien er veldig godt i vareteke, og toler meir trafikk enn tidlegare.