Hopp til innhold

Lukkast med økonomisk pisk - nesten ingen pasientar ligg på overtid på sjukehus

Sidan samhandlingsreforma vart sett i verk i 2012, har det vore ein stor nedgang i talet på liggedøgn for utskrivingsklare pasientar. På landsbasis er reduksjonen nær 50 prosent, og i Sogn og Fjordane er ein nærast kvitt heile problemet.

Mann i rullestol

REDUSERT: Pasientane kjem raskare ut i kommunane etter at samhandlingsreforma vart sett i verk i 2012. Talet på liggedøgn for utskrivingsklare pasientar er halvert på landsbasis, og nær kutta med 100 prosent i Sogn og Fjordane.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

– Før var det kring 300 liggedøgn per månad for pasientar som i grunnen skulle vore ute av sjukehus. Det var ikkje bra for dei, og dei tok opp senger for andre som trengde det meir. Det var ein veldig uheldig situasjon, seier samhandlingssjef i Helse Førde, Vidar Roseth.

I 2011 vart pasientar i Sogn og Fjordane liggande over 2000 døgn ekstra på sjukehus, fordi kommunane ikkje var klare til å ta imot dei. I heile landet var det opp mot 40 – 50 000 liggedøgn i året. Då samhandlingsreforma vart innført i 2012 var det eit klart mål at talet på pasientar som vart liggande på overtid på sjukehus skulle ned. No har ein lukkast med å snu utviklinga.

– Sogn og Fjordane har noregsrekord i reduksjon liggedøgn for pasientar som ventar på kommunal tilbod. På landsbasis er det ein reduksjon på nær 50 prosent, men i Sogn og Fjordane er det nær 100 prosent reduksjon etter samhandlingsreforma.

Sju kommunar i eiga toppklasse

Ein av kommunane som har lukkast er Flora. Saman med Sogndal, Lærdal, Bremanger, Solund, Høyanger og Balestrand, er dei ein av sju kommunar i fylket som sidan 2012 ikkje har hatt eit einaste liggedøgn for utskrivingsklare pasientar.

– Vi var ikkje akkurat av dei beste kommunane før. Vi hadde ikkje så mange senger og mindre kapasitet, seier helse- og omsorgssjef i Flora, Norunn Stavø.

Årsakene til at kommunane i fylket har lukkast så godt, trur Roseth kan tilskrivast eit samarbeidsprosjekt der kommunane deltok og fekk på plass gode rutinar, i tillegg til stor innsats frå kommunane. I Flora er det fleire faktorar som kan forklare suksessen.

– Vi brukte mykje tid frå hausten 2011 til å arbeide med rutinar, flytte på kompetanse og opna ekstra sengeplassar, fortel Stavø.

Fleire sjukepleiarar har også fått tilbod om vidareutdanning i geriatri og akuttsjukepleie, og det er lagt opp til tett samarbeid med pasienten sin fastlege.

Fryktar økonomisk pisk

At helseføretak etter 2012 også tek betalt for kvart døgn ein pasient blir liggande på overtid, kan ha vore ein effektiv økonomisk pisk for å få kommunane til å vere klare når pasientane skal heim. For kvart påstarta døgn må kommunane ut med 4000 kroner.

I 2012 måtte kommunane i Sogn og Fjordane ut med 1,7 millionar kroner for dei 423 liggedøgn. I 2011 var talet redusert til 111 liggedøgn og 440 000 kroner, og til no i år er ein nede i 61 liggedøgn og 244 000 kommunale kroner til Helse Førde.

Vidar Roseth er nøgd med arbeidet med å redusere talet på liggedøgn i Sogn og FJordane.

NØGD: Samhandlingssjef i Helse Førde er godt nøgd med den store jobben kommunane i fylket har lagt ned, og redusert talet på liggedøgn for utskrivingsklare pasientar med nærast 100 prosent.

Foto: Privat

– Det er klart at det økonomiske verkemiddelet har hatt mykje å seie, seier Roseth.

– Naturleg med variasjon i og mellom kommunar

Sjølv om den økonomiske pisken ser ut til å fungere, så er det ikkje alltid kommunane lukkast like godt. I Gloppen har ein gått frå under 10 liggedøgn dei to siste åra, til 39 så langt i år.

– Auken kjem truleg av at vi har hatt dårlegare kapasitet på korttids- og rehabiliteringsavdelinga samanlikna med åra før. Om det er andre svingingar i talet på innlagde pasientar er vanskeleg å seie, for det vil variere frå år til år, seier Helse- og omsorgssjef i kommunane, Anita Lothe.

Ho får støtte frå Helse Førde.

– Variasjon vil det alltid vere, og det vil vere enkeltkommunar som har utfordringar, og det vil alltid vere ting kommunane ikkje har herredøme over, så det må vi rekne med, seier Roseth.

I Gloppen vil dei no sjå nærare på om det er aktuelt å opprette fleire plassar i rehabilitering og korttidsavdelinga, eller om ein kan tilby tenester i heimen til pasientane som kjem ut frå sjukehus.

Suksessen kan få utilsikta konsekvensar

Trass i at kommunane ser ut til å ha lukkast med målsettinga om reduksjon i talet på liggedøgn, så ser helseføretaket at fokuset på dette området kan ha gått ut over andre område.

– Vi vil sjå nærare på om det går ut over andre ting, slik at kommunane får utfordringar på andre område, som overbelegg og press på sjukheimen og større press i heimetenestene. Slik at pasientane må vente lenger på tilbod eller får dårlegare tilbod. Vi har ikkje sterke indikasjonar på at det er tilfelle, men saman med kommunane må vi sjå nærare på det, seier Roseth.