Hopp til innhold

Enorm motstand mot søndagsopne butikkar

Over heile fylket ser ein stor motstand mot å opne for søndagsopne butikkar. I Førde er heile 75,3 prosent heilt eller delvis mot ei slik ordning, syner tal frå NRK sin valgomat.

Handelshuset i Førde

I MOT SØNDAGSHANDEL: Eit stort fleirtal i Førde ønskjer ikkje at butikkane her på Handelshuset eller andre stader skal få halde ope på søndagar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vallogo

Av dei 3210 innbyggjarane som har svart i Førde er 60,8 prosent heilt usamde, medan 10,9 prosent er heilt samde, i at kommunen bør tillate søndagsopne butikkar.

Tal frå valgomaten syner den same trenden over heile fylket. Unntaket er Lærdal, der 29,6 prosent er heilt i mot og 24,5 prosent er heilt for.

Ikkje overraska

Helge Robert Midtbø

IKKJE OVERRASKA: Helge Robert Midtbø, ordførarkandidat for Førde Arbeidarparti.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Desse tala kjem ikkje overraskande på, meiner ordførarkandidat for Førde Arbeidarparti, Helge Robert Midtbø.

– Det er heilt i tråd med korleis eg oppfattar stemninga ute blant folk. Det viser jo at regjeringa som fremjar slike framlegg går i fullstendig utakt med folket, og eg oppfattar at motstanden er like stor elles i landet også, seier han.

I Førde gjekk eit nesten samrøystes bystyre i mot søndagsopne butikkar. Trass i at Høgre sentralt har kjempa for denne saka, har fleire av lokallaga gått i mot, også i Førde. Ifølgje ordførar Olve Grotle (H) var det stor semje i partiet lokalt.

– Er Høgre sentralt på ville vegar i denne saka?

– Det synest eg er feil uttrykk, men eg trur at du kan seie at utspelet sentralt ikkje er heilt i samsvar med det folk ønskjer, og i denne saka synest eg at det som vert opplevd som folkeviljen må få gjennomslag.

Meiner motargumenta ikkje held mål

Bjørn Lødemel

FRAMLEIS POSITIV: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) meiner framleis at det er fornuftig å opne for søndagsopne butikkar.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Men trass i stor motstand over lengre tid er stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) framleis positiv til å late butikkar halde ope på søndagar. Han meiner det er ei uryddig ordning at berre enkelte butikkar får lov til å halde ope, avgjort etter storleik, og at berre enkelte kommunar får opne for dette.

– Eg trur nok at ein del av motargumenta mot søndagsopne butikkar ikkje nødvendigvis held mål. Eg trur folk vil bruke søndagane sine slik dei stort sett har gjort tidlegare, og valfridom tykkjer eg er positivt, seier Lødemel.

At fleire av lokallaga til Høgre har gått i mot framlegget tykkjer han er heilt greitt. Fordi Høgre gjennom fleire valkampar har sagt at dei ønskjer søndagsopne butikkar, meiner han det er heilt naturleg at dei legg fram saka no når dei er i posisjon.

– No er saka sendt på høyring, og det er nettopp fordi ein ønskjer å få tilbakemeldingar og høyre kva folk, kommunar og bedrifter meiner, seier han.

Kan bli pressa av andre kommunar

Olve Grotle

GÅR I MOT EIGE PARTI: Førde-ordførar Olve Grotle og resten av Førde Høgre, er i denne saka usamde med partiet sentralt.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Både Midtbø og Grotle vedgår at det vil leggje eit ekstra press på Førde dersom kommunar rundt tillèt søndagsopne butikkar. Midtbø seier at dei i utgangspunktet er i mot uansett. Grotle trur ikkje det blir aktuelt å ta opp att saka.

– Vi er opne for å ta saka til vurdering igjen dersom dette skjer og bransjen i Førde endrar syn på saka, men eg ser ikkje for meg at det er aktuelt, seier Grotle.