Hopp til innhold

På 13 dagar vart det skrive 4.000 artiklar om Lærdalsbrannen

I januar var det ingen andre saker som hadde større plass i media enn storbrannen i Lærdal.

Hus i full fyr - under storbrannen i Lærdal

DRAMATISK: Fleire har karakterisert det som eit under at ikkje menneskeliv gjekk tapt under den dramatiske brannen i Lærdal i januar.

Foto: Jan Erikstad

19. januar brann over 40 bygningar ned til grunnen og vel 70 menneske mista heimane sine på Lærdalsøyri.

Berre i januar vart det skrive 4000 artiklar som handla om Lærdal berre på norske nettstader og aviser.

– Eg har sjekka litt på kor stort medietrykket var på Lærdal i dagane og vekene etter brannen. I heile januar var det over 4.000 artiklar i norsk media om Lærdal, seier Odd Helge Brugrand.

Har førebels berre januar-tal

Han syner ordføraren i Lærdal ei liste i som viser tal på kor stor mediedekninga av Lærdalsbrannen var i januar.

I lag med to medieovervåkningsbyå, jobbar Brugrand, som var informasjonsansvarleg i kriseleiinga til kommunen, med å få laga ei total oversikt over kor mykje merksemd den enorme brannen har fått. Til no er berre januartala klare.

– Dette er ein enorm mediedekning. Det er ikkje noko anna som har fått større fokus i januar enn Lærdal, seier Brugrand.

Natt til 19. januar brann over 40 bygningar ned, og dei freda husa på gamle Lærdalsøyri var i stor fare. På 13 dagar hadde den brutale brannen vorte skriven om nær 4000 gonger berre i Norge.

(Artikkelen held fram under bildegalleriet)

Over 1.000 artiklar i utanlandske media

Til samanlikning vart situasjonen i Ukraina skrive om 1200 gonger. Læredalsbrannen vart også dekt i over 20 andre land.

– Når det gjeld utlandet, så er det over 1.000 artiklar i utanlandske media. Dei som har skrive mest om oss er Sverige, seier Brugrand.

Mange av dei fleire hundre som måtte evakuerer frå husa sine filma og tok bilde av eldstormen som truga med å rasere ei heile Lærdalsøyri. Bilda gjekk verda rundt og ikkje minst vart delt på sosiale medium.

– På sosiale medium var det 40.000 innlegg om Lærdal berre brann-dagen, seier Brugrand.

Er veldig store tal

– Eg ville ikkje ha hatt ei slik katastrofe. Men når det først har skjedd, så har det verkeleg sett oss på kartet, seier Brugrand.

Ordførar Jan Geir Solheim har sjølv merka det brutale meidatrøkket godt. Likevel er han er overraska over tala.

– Dette er veldig store tal. Det kan ikkje ha stått så veldig mykje anna dei dagane, seier Solheim.

Jan Geir Solheim

VIKTIG: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, peikar på at det er viktig å samle det som er skrive om brannen i Lærdal for ettertida.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Brugrand peikar på at brannen skjedde natt til 19. januar.

– Så vi hadde knappe 13 dagar på oss til å produsere 4.000 artiklar frå Lærdal. Det betyr nesten 400 artiklar per dag i Norge, seier Brugrand.

– Det er nesten umogleg for meg å skjønne rekkjevidda av det, seier Solheim.

(Artikkelen held fram under bildegalleriet)

Tek vare på historia for ettertida

Solheim trur det er viktig for kommunen at alt som er publisert om saka no vert samla inn og teke vare på.

– Det er historisk viktig, seier Solheim, noko Brugrand er samd i.

– Dette vil bli samla for all ettertid. Dei som er råka, som kanskje ikkje endå er klare til å sjå kva som skjedde, kan få sjå det i ettertid. Andre kan også søkje i dette. Vi sikrar historia for ettertida, seier Brugrand.

Ordføraren peikar på at det også ligg mykje lærdom i å sjå på artiklar om det som har skjedd.

– Det hjelpe oss faktisk til å forstå kva det var som skjedde. Eg har lært mykje av det sjølv, av det vesle eg har plukka opp, seier Solheim.

«Ikkje mange som ikkje veit kor Lærdal er»

– Men betyr det noko for kommunen at ein har fått ei slik enorm mediedekning?

– Det betyr at mange har auga på oss og ser oss. Eg trur vi på utsida verkar mykje større enn kva folketalet vårt tilseier, seier Solheim.

Brugrand trur Lærdal kjem styrkt ut av hendinga.

Odd Helge Brugrand

PÅ KARTET: Odd Helge Brugrand trur det kan komme ein fugl fønix opp av oska i Lærdal.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Når vi ser vekk frå at folk har mista ting og at det var vondt medan det stod på, så trur eg det kjem ein fugl fønix opp av oska, seier Brugrand.

Han peikar på at Lærdal, gjennom det enorme fokuset bygda har vore i, er sett på kartet ein gong for alle.

– Midt oppi dette er det ein PR-verdi, som plasserer kulturelle og historiske Lærdal inn i den nasjonale bevisstheita i endå større grad enn før. Det er ikkje mange menneske i Norge i dag som ikkje veit kor Lærdal er no, seier Brugrand.