Hopp til innhold

Brikkene fell på plass for stort meisterskap

Brikkene til neste års EM i vektløfting er byrja å falle på plass. Denne veka hadde arrangørstaben storfint besøk frå det europeiske vektløftarforbundet.

Stian Grimseth

LEIAR: Tidlegare vektløftar, Stian Grimseth, er leiar i hovudkomiteen for EM i Førdehuset 10. – 16. april neste år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Gjennom tre intensive dagar har arrangørstaben fått på plass mange detaljar framfor europameisterskapen 10. - 16. april 2016 .

Leiar i hovudkomiteen, Stian Grimseth, er trygg på at dei kjem i hamn.

– Det gjere vi. Det kjem nok sikkert til å bli gleppar, men vi har allereie no fått inn mykje dyktige folk i arrangementskomiteen, seier han.

Storfint besøk

Denne veka har arrangørstaben hatt generalsekretær Hasan Akkus i det europeiske vektløftarforbundet på besøk. Saman har dei synfart Førdehuset, sett på opnings- og avslutningsseremonien og samtala med produsentane til TV-sendinga.

For meisterskapen kjem truleg på skjermen til 33 millionar menneske.

– Det er fantastisk stort. Eurosport vil sende, samt at ein del land vil sende frå arrangementet på sine nasjonale TV-kanalar. Spesielt i Sør- og Aust-Europa er det stor interesse, så der kjem nok dekninga til å bli massiv, seier Grimseth.

OL aukar interessa

Meisterskapen er siste sjanse for utøvarane å kvalifisere seg til OL i Rio seinare på året. Det gjer at interessa er venta å bli stor også i Asia.

Dei har gitt EM til Norge og Sunnfjord

FEKK JA: Stian Grimseth, her flankert av (f.v.) Per Mattingsdal (president Norges Vektløftarforbund), Antonio Ursu (president Europeiske Vektløftarforbundet), Hassan Akkus (generalsekretær i det Europeiske Vektløftarforbundet) og Tryggve Duun (styremedlem i det Europeiske Vektløftarforbundet), etter at Sunnfjord fekk EM.

Med så mange TV-sjåarar har Grimseth både håp og tru om ei god marknadsføring av fylket.

– Vi har oppstartsbilete som skal få fram Sogn og Fjordane på sitt beste. I tillegg har vi nytta godvêret no til å ta bilete og filmsnuttar, seier Grimseth.

Trur på «reint» EM

Til neste år er det 20 år sidan Norge arrangerte EM for første og førebels siste gang. Då vart Grimseth endåtil europameister under stemnet i Stavanger.

Det er venta fleire hundre løftarar frå over 30 land når meisterskapen går i Førde neste år. Grimseth håpar og trur at meisterskapen vil gå klar dopingsaker.

– Som dei fleste andre idrettar er vektløftarsporten utsett for doping. Men det har vore gjort veldig mykje bra arbeid på denne fronten siste åra. Sidan ein no går inn i OL-kvalifiseringa vil det vere kontinuerlege dopingtestar, så eg ventar at dei fleste blir luka ut til EM, seier han.