Hopp til innhold

Enorm interesse for hundeberging

Matmor Siri Sørdal har fått støttetelefonar frå heile landet, etter at hunden «Diesel» kom bort under ein fjelltur 1. juledag.

Diesel (4)

HÅPAR Å REDDE HUNDEN: Matmor Siri Sørdal håpar ho får sjå igjen hunden sin i dag.

Foto: privat

Siri Sørdal

SPENT: Matmor Siri Sørdal speidar oppover i fjellsida.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Mobiltelefonen til Siri Sørdal i Stryn har nesten ikkje stått stille, etter at ho i føremiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane måndag fortalde om den irske setteren som i fleire netter har vore skorfast i fjellet.

- Det var medan vi tok ein skitur 1. juledag at han forsvann, sa Sørdal.

Får mange telefonar med støtte

No har setteren vore ute i fjellet under svært krevjande forhold i fire dagar.

I mellomtida har matmor vore nedringd av støttande telefonar frå privatpersonar, Dyrebeskyttelsen og folk som vil vere med og redde hunden ned frå fjellet.

- Mange har opplevd liknande episodar med sine eigne hundar - og dei vil fortelje at det har gått bra, seier Sørdal.

(Artikkelen held fram under kartet)

Kart over Stryn

Høyrde bjeffing i morgontimane

I morgontimane onsdag har fire personar teke seg opp i fjellsida på veg mot hunden like ovanfor Stryn. Med jaktradio skal Sørdal dirigere dei dit hunden sist vart sett.

LES OGSÅ:

- Folk som bur ved foten av fjellet har høyrt bjeffing i dag tidleg. Så vi har framleis håp, seier Sørdal.