Hopp til innhold

Enorm aktivitet ved Tine-meieriet

BYRKJELO (NRK): Aktiviteten ved Tine-meieriet på Byrkjelo har aldri vore større, og omsetninga var i fjor på nær ein milliard kroner.

Tine Byrkjelo

NØGDE: Aslak Johnsen og Magnar Berge gler seg over at det er full aktivitet ved Tine sitt meieri på Byrkjelo. Aldri før har anlegget teke imot så mykje mjølk.

Foto: Bård Siem / NRK

Anlegget var bygd for å ta imot 100 millionar liter mjølk, men i fjor vart det teke imot heile 132 millionar liter. Den største mengda nokon gong.

– Det har auka gradvis. I 2012 tok vi imot 125 millionar liter, 129 millionar i 2013 og 132 millionar liter i fjor, seier assisterande meierisjef Magnar Berg.

Han viser stolt rundt i Tine-meieriet på Byrkjelo. Den milde kvitostlukta fyller produksjonslokala og lyden frå pakkemaskinar og anna materiell er høg.

Det vart i fjor produsert 11500 tonn kvitost, 2800 tonn brunost og 8,1 mill liter drikkemjølk på Byrkjelo.

Vi må jobbe døgnet rundt for å greie å ta unna all mjølka.

Magnar Berge
Tine Byrkjelo

OST: I fjor vart det produsert 11500 tonn kvitost av Tine-anlegget på Byrkjelo. Halvparten av alle norske Norvegia-ostar blir pakka på Byrkjelo.

Foto: Bård Siem / NRK

Jobbar tre skift

170 personar er knytte til anlegget på Byrkjelo, som i fjor omsette for nær ein milliard kroner

– Vi har tre skift. Frå søndag kveld går det kontinuerleg til søndag morgon. Søndag på dagen vaskar vi anlegget, før vi byrjar på igjen for fullt søndag kveld, seier Berge.

Tine Byrkjelo

TINE: Slik ser Norvegia-ostane ut før dei er skikkeleg trykte i hop. Ostane må stå lenge til modning før dei blir pakka og sende til butikkane.

Foto: Bård Siem / NRK

Mesteparten av mjølka til Byrkjelo-anlegget kjem frå Sogn og Fjordane. Men det kjem også mjølk frå andre stader på Vestlandet og på Austlandet

Populær kvitost

Produksjonsarbeidar Aslak Johnsen er glad for at anlegget tek imot rekordmykje mjølk.

– Vi står på og får unna all mjølka for å kunne lage best mogleg ost til kundane våre, seier han.

– Norvegia er ein svært så populær ost. Kvifor det, trur du?

– Det er den milde og gode smaken vi likar. Eg et mykje Norvegia sjølv, seier han.

Wenche Niiranen Åmot følgjer nøye med på om Norvegia-ostane er pakka på rette måten.

– Meieriet er svært viktig for lokalsamfunnet. Utan meieriet ville Byrkjelo vore noko heilt anna, seier ho.