Hopp til innhold

Enoksen tvilar på kraftlinja

Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen sår no tvil om det vil vere nødvendig å bygge kraftlinja mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre.

Odd Roger Enoksen
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Han seier at det viktigaste er å få på plass ny kraftproduksjon i Midt-Noreg.

 Enoksen viser til at eit gasskraftverk kan vere på på plass i Midt-Noreg før linja eventuelt er ferdig.

Tidlegare har miljøvernarar og ordførarar vore på bana og forlangt at kraftlinja skal leggast som sjøkabel. Enoksen er open for å vurdere dette, men meiner at ein fyrst må finne ut om det i det heile er naudsynt å bygge kraftlinja.