Enkle tiltak kan berge liv ved tunnelbrann

Dei siste sju åra har det vore seks store og alvorlege tunnelbrannar i landet. Ingen liv har gått tapt, og no skal VR-teknologi sørga for at den gode statistikken held fram.

Slik står vraket

ALVORLEG TUNNELBRANN: Brannen i Gudvangatunnelen er blant dei som Sintef-forskarane har sett på for å kome fram til dei tilrådde tiltaka.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Mange blei sitjande i bilen. Det beste er å snu og køyre ut. Men når ein først er fanga i røyken så er det nokre som blir handlingslamma, seier Gunnar Deinboll Jenssen, seniorforskar ved Sintef.

I samband med forskingsprosjektet har Jenssen intervjua fleire av dei som var med i brannen i Gudvangatunnelen i 2013. Målet er å finne ut kva som reddar liv.

Gemini.no hadde saka først.

Jenssen kom fram til at eit av dei største problema i slike situasjonar er at folk ikkje veit kva som er den raskaste vegen ut.

– Når ein er innhylla i den tjukke røyken så er det nokre som forsøker å finne ein veg ut, seier Jenssen.

Og det er akkurat det som skal bli enklare no. Eit av tiltaka som Sintef føreslår er høgtalarar som skal informere deg om du er på veg mot den nærmaste naudutgangen eller inn mot brannen.

– Då kan du høyre at du fjernar deg frå høgtalaren, og heller snu og finne fram til ein naudutgang, seier han.

Det andre tiltaket er lys langs med heile tunnelveggen.

– Vi ser at folk vel den veggen der lyset er, og alle fann fram til naudutgangen gjennom å følgje denne lista, seier Jenssen.

Simulasjon, tunnelbrann

BRANN I VR: Bilete av simulasjonen som Sintef har gjennomført.

Foto: Sintef

Forsking i VR

For å simulere ekte brannsituasjonar så har forskarane brukt VR-teknologi.

– Denne kunstige verkelegheita er veldig realistisk. Ein vert omgitt av ein brann i ein tunnel. Så blir du innhylla i svart røyk, seier Jenssen.

Målet med simulasjonen er at deltakarane skal finne fram til ein naudutgang eller eit redningsrom. Når hjelpetiltaka ikkje har vore ein del av simulasjonen så er det eit problem at deltakarane følgjer den gule stripa.

– Det du bør gjere er å gå til den sida det finst naudutgang. I ein toløpstunnel er det alltid på den venstre sida, seier han.

Ingen har mista livet enno

Forskarane i Sintef meiner det er flaks som har gjort at det ikkje har gått liv i tunnelbrannar. Forskingsprosjektet har som mål at det talet ikkje aukar. Fleire involverte i brannen i Gudvangatunnelen førebudde seg på det verste.

– Det var veldig traumatisk for dei. Nokon av dei ringde sine nærmaste. Dei sa ikkje nødvendigvis kva det var, dei ville berre snakke med nokon.