Hopp til innhold

Englandsbåten utsett igjen

Bergensarane vil ikkje bla opp for ei ny båtrute mellom vestlandshovudstaden og Newcastle. Dermed blir det ingen englandsbåt i sommar heller.

Fjordline

UTSETT: Fjordline er eitt av fleire som har prøvd å få økonomi i Englandsbåten. I 2008 gjekk den førebelse siste avgangen mellom Bergen - Stavanger - Newcastle.

Foto: Henning Bagger / Scanpix

Båtruta vart lagt ned for seks år sidan, men på seinsommaren i fjor såg det lyst ut med tanke på å ha båtruta på plass att sommaren 2015 .

I dag skriv bt.no at styreleiar i Norwegian Seaways, Hans Runshaug, konstatere at dei berre har fått halvparten av dei kring 100 millionane som er naudsynte for å kome i gang.

– Vi har viktige investorar med, men det er hovudsakleg stavangerkapital. Det er litt skuffande at ikkje bergensk næringsliv har sett moglegheitene. Eg trur det er avgjerande for prosjektet at vi får med bergenskapitalen, seier han til avisa.

Håpar på 2015

At båtruta ikkje kjem på trappene til sommaren, overraskar ikkje hotelleigar Sigurd Kvikne i Balestrand.

Sigurd Kvikne

HÅPAR: Sigurd Kvikne er mellom dei som har ivra for å få Englandsbåten i gang att.

Foto: Steinar Lote / NRK

Han har lenge ivra for at båtruta skal komme opp og gå att . Ferjesambandet mellom Vestlandet og Newcastle hadde vart i over 130 år då DFDS la til kai etter siste tur frå England i 2008. Då forsvann også mange britiske turistar frå Norge.

– Eg hadde eigentleg ikkje venta at den kom til sommar. Jo nærare turistsesongen ein kjem, dess verre blir det å få ruta i gang. Men då er det vel håp om 2015, seier han til NRK.no.

– Viktig rute

Same håpet har også Rønshaug, som seier bt.no at dei treng fem månader på å komme i gang om dei får på plass dei finansielle brikkene. Så langt er 50 millionar kroner sikra.

Ein av dei største investorane er eit britisk firma i oljeservice-bransjen frå Stavanger.

– Eg håpar aktørar i bergensområdet også ser kor viktig denne ruta er, både for transport- og turistbransjen, seier Runshaug og vedgår at oppstart på vårparten 2015 er mest realistisk.