Hopp til innhold

Viser seg fram for engelsk klubb

Fleire engelske klubbar har vist interessert for Gustav Valsvik. Denne veka har U21-landslagsstopparen vist seg fram for Nottingham Forest.

Gustav Valsvik

INTERESSE: Gustav Valsvik er for tida på treningsopphald med engelske Nottingham Forest. Klubben skal vere mellom fleire som har følgt 19-åringen den siste tida.

Foto: Oddleif Løset / NRK

19-åringen sin kontrakt med Sogndal går ut etter årets sesong, og det skal ikkje skorte på interesse kring vikjen.

Den siste veka har Gustav Valsvik vist seg fram for den tidlegare storklubben Nottingham Forest.

– For at eg skulle halde fokuset på fotballen, var det først nyleg at agenten min fortalde om interessa frå Nottingham Forest, seier Valsvik til NRK.no.

Stor interesse

Nottingham Forest ligg som nummer ti på tabellen, men har berre fire poeng opp til Watford på kvalifiseringsplass. Klubben blir leia av den tidlegare irske landslagsspelaren, Sean O'Driscoll.

Valsvik har siste treningsøkt med «skogvaktarane» torsdag. Valsvik sin agent, Jim Solbakken, seier 19-åringen er i England for å få erfaring..

– Gustav er der for å få erfaring og for å oppleve litt engelsk fotball. Samstundes er det veldig mange klubbar i Norge og utlandet som har vist interesse. For Gustav er det viktigast å få spele fast, seier Solbakken.

Følgt ei stund

– Dei har vist interesse for meg ei stund, og eg kjende det var greitt å reise bort for litt erfaring og kjenne på korleis nivået er, seier Valsvik om opphaldet med Nottingham Forest.

– Kva signal har du fått frå klubben?

– Eg veit at interessa har vore stor, men akkurat no føler eg ikkje at det er det rette steget å ta. I utgangspunktet var opphaldet å prøve seg fram og få litt erfaring.

Kan klare nivået

Valsvik meiner han har klart seg bra på treningane med Forest, og trur han på sikt kan klare nivået.

19-åringen vert rekna som eit av landets største midtstoppartalent og vart i haust plukka opp på det norske U21-landslaget .

– Det føler eg etter dei treningane eg har hatt. Det er same type fotball som i eliteserien, men meir fysisk og høgare tempo. Greier eg å utvikle meg som fotballspelar så kan eg klare å ta nivået. Reiser eg bort no, så hadde eg nok ikkje fått spele fast og det er det som er viktig for meg, seier 19-åringen som også andre klubbar ynskjer å sjå i treningssituasjon.

Skal møte Sogndal

Valsvik presiserer at ingenting er avklara med tanke på kvar han spelar fotball neste år.

– Ingenting er avklara endå. Eg har eit møte med Sogndal i neste veke og då kan det bli avklara om det blir Sogndal eller andre, seier Valsvik.

– Men all den tid du kjenner til interessa frå engelske klubbar, kva tankar gjer du deg om å spele for Sogndal?

– Speletid er det viktigaste og det veit eg Sogndal kan gi meg, seier han.

Fokus på Valsvik

Etter det NRK.no kjenner til skal Valsvik etter planen i møte med Sogndal i neste veke. Sportsleg leiar Håvard Flo, seier begge partar er positive med tanke på å forlengje kontrakten.

Spørsmålet er kva som no skjer med den engelsk interessa kring vikjen. Flo seier dei fokuserer på å sikre seg tenestene til Valsvik.

– Gustav har hatt eit veldig bra år, og har teke store steg. Vi håpar han ynskjer å vere med oss ein periode til framover til han blir klar for endå større oppgåver. Alle er positive til å få dette i land, og vi håpar å formalisere det i nær framtid, seier Flo.

– Vi har ein veldig positiv dialog med Gustav og apparatet rundt han, så får vi sjå kvar det fører oss, seier Flo.