Hopp til innhold

Engebø-avgjerd vil få store ringverknader

Viss regjeringa bestemmer seg for å gi klarsignal til Nordic Mining om fjorddeponi i Førdefjorden, vil det vere godt nytt for fleire liknande gruveprosjekt rundt om i landet som tenkjer i liknande baner.

Solheim
Foto: Lars Erik Andreassen / NRK

Fleire stader i landet ønskjer nemleg bergverksindustrien å starte gruver for å vinne ut milliardverdiar.

No ventar bergverksindustrien at regjeringa står for løfta sine.

– Viss regjeringa Stoltenberg meiner alvor når dei seier det skal vere auka forutsigbarheit for norsk bergindustri. Det er 1500 milliardar som er kartlagt i norske fjell, seier generalsekretær i Norsk Bergverksindustri, Elisabeth Gammelsæter.

– Vil drepe fisk

Gruveprosjektet i Engebøfjellet blir sjølve prøvesteinen.

I Førdefjorden vil Nordic Mining etablere ei stor gruve som skal produsere mineralet rutil. Gruva kan skape 170 arbeidsplassar i distriktet.

Bakdelen er at fjell blir sprengt vekk og at 140 millionar kubikkmeter med overskotsmasse skal dumpast i fjorden dei neste 50 åra.

Fiskeridirektoratet peikar på at eit gigantisk deponi vil kunne forureine og drepe viktige fiskeslag i fjorden.

– Dette tiltaket kan få fatale konsekvensar for livet i Førdefjorden. Vi må kalle ein spade for spade, dette er ei avfallsplass, seier Frank Jacobsen i Fiskeridirektoratet.

– Demokrati på sitt beste

Temperaturen var til tider høg frå talarstolen i Fosshalla, der omtrent alle som hadde eit syn på saka, var representert og fekk uttale seg.

Det tykte miljøvernminister Erik Solheim godt om.

– Dette var det norske demokratiet på sitt aller beste. Alle fekk komme til orde og alle viktige synspunkt på dette prosjektet fekk komme fram, seier Solheim.

Han meiner det er ganske normalt at det finst så mange sprikande syn på ei og same sak.

Ulike synspunkt er ein styrke

– Det er sjeldan eg er i ei sak der det berre finst ein fagleg konklusjon. Det er tvert om ein styrke at ulike fagfolk legg fram ulike synspunkt. Det styrkjer diskusjonen, og gjer at ein er tryggare på at ein treffer rett standpunkt, seier Solheim.

Prosessen går no vidare.

– Vi vil få greia ut også moglegheitene for landdeponi, slik at vi er trygge på om det er mogleg å gjere. Så vil vi gå særleg djupt inn i dei faglege vurderingane av sjødeponi, for det er det som er sakas innarste kjerne, seier Solheim.

Han presiserer at det er viktig å få bringa på det reine kro stabilt sjødeponi verkeleg er.

Vil ikkje selje naturen

– Kor trygg kan ein vere på at eit sjødeponi er stabilt, og at ikkje massane tek til å røre på seg. Og at det ikkje er reststoff av forureining. Det er jo enorme massar som skal deponerast, og då må ein vere trygg på at det er stabilt, seier Solheim.

– Vi vil ikkje selje naturen for 30 sylvpengar, seier grunneigar Reidar Engebø.

I lag med naboar og kjende, sette han opp demonstrasjonsplakatar før miljøvernminister Erik Solheim kom til Naustdal.

Også nestleiar i SV, Bård Vegard Solhjell, som opphavleg er frå Naustdal, har tidlegare gått sterkt i mot planane.

– SV er eit miljøparti. Vi skal vere garantist for den fjorden, seier Solhjell.