Hopp til innhold

Engebø-aksjon tre dagar på rad

ENGEBØ (NRK): Vi skal vere her så lenge det trengst, seier Silje Lundberg, som er ein av fire aksjonistar som akkurat no er på plass på Engebøfjellet i Vevring.

Aksjonistar for fjord

HELD VARMEN: Aksjonistane har lenka seg fast til ein anleggmaskin på Engebøfjellet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Protestaksjonane mot gruvedrift og fjorddeponi held fram på tredje dagen. Lundberg, som er nestleiar i Naturvernforbundet, understrekar at ho aksjonerer som privatperson.

Då NRK snakka med ho torsdag føremiddag hadde ho vore fastlenka til ein anleggmsakin på toppen av Engebøfjellet i vel to timar i kulde, kledd i termodress og gamasjar, saman med bror sin.

– Vitsen er å få folk til å forstå kva det er vi er i ferd med å miste, å få endå meir fokus på at Nordic Mining er i ferd med å få klarsignal frå regjeringa til å sette alle miljøomsyn til side og øydelegge livet i ein fjord. Vitsen er å stoppe dette prosjektet.

– Reknar du med å bli fjerna?

– Eg høyrer det er fleire politifolk på veg, så eg reknar vel med det, ja.

– Litt godt, i kulden?

– Nei veit du, eg kunne godt ha site her heile dagen, vi har det kjempefint, varmt og godt. No er det blitt klarvêr, så vi har utsyn ned til fjorden.

Gunnar Englund

– SKAL AVSLUTTE AKSJONEN: Innsatsleiar Gunnar Englund.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Så lenge det trengst

Silje Lundberg er ikkje samd med dei som meiner at kampen mot gruvedrifta bør skje med berre lovlege middel.

– Eg meiner sivil ulydnad er eit veldig viktig verkemiddel i ei så alvorleg sak. Det er ein tryggleiksventil i demokratiet vårt. Når vi har ei sak med miljøkriminalitet av ypperste rekkje meiner eg det er på sin plass med det desidert sterkaste verkemiddelet vi har.

– Kor lenge varer aksjonane?

– Dei varer så lenge det trengst.

– Skyt ikkje på pianisten

Innsatsleiaren til politiet, Gunnar Englund, seier at dei ber om hjelp frå mellom anna brannvesenet for å få løyst aksjonistane frå anleggsmaskinane.

– Vi skal vere effektive og set tryggleiken først, så vi brukar det utstyret som trengst og dei folka som kan det. No skal vi få opp våre mannskap, og så skal vi avslutte den ulovlege aksjonen.

Englund ber folk om å tenke seg om når dei uttalar seg om det som skjer.

– Det er eit uttrykk som heiter at du ikkje skal skyte pianisten om du mislikar musikken.

Aksjonistar i Vevring

ANLEGGSUTSTYR PÅ PLASS: Slik ser det ut med anleggsmaskinane for prøveboring på toppen av Engebøfjellet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK