Hopp til innhold

Engasjerte fleire for ESC på Facebook

I Jølster kallar dei ho «Grand Prix-dronninga», og under ESC-finalen i år fekk ho det til å koke på Facebook.

Klare for ESC-fest

ESC-FRELST: Ingunn Alice Fanebust og systrene har vore heilt frelst sidan 80-talet og har aldri gått glipp av ei einaste delfinale.

Foto: Privat

– Fleire seier dei berre ser på finalen for å kunne vere med å kommentere på innlegget mitt, seier Ingunn Alice Fanebust.

NRK har skrive om Eurovision Song Contest-entusiasten tidlegare, som kvart år benkar seg framfor TV-en med eiget poengskjema.

Stort engasjement

Kommentarar, Facebook
Foto: Skjermdump
Kommentarar på Facebook-innlegg
Foto: Skjermdump

Dei siste åra har Fanebust oppmoda folk til bli med å engasjere seg på hennar eigen Facebook-side og det hagla på med kommentarar under finalen laurdag kveld.

– Det kom over 500 kommentarar. Det var diskusjon og både einigheit og usemje om songane, framføringa og klesantrekka til deltakarane, seier Fanebust.

Interessa for ESC starta på 80-talet. Far hennar tok opp finalen i 1984 på video, og den såg ho om og om igjen.

Ho går ikkje glipp av ei einaste delfinale eller finale og fører poeng i eit eiget skjema der ho gir dei ulike innslaga poeng frå ein til åtte. Og kriteria for å klatre til topps på lista hennar er tydelege.

– Det må vere ei fengande låt med eit refreng ein hugsar. Eit bra sceneshow, gjerne med litt pyro og ei fele eller to og det må ha «Grand Prix-faktor», seier ho.

Poengskjema, ESC-finale 2017.

LOVE: Favoritten til Fanebust var Ungarn, som fekk kommentaren «Love» i poengskjemaet hennar.

Foto: Ingunn Alice Fanebust

Skuffa over vinnaren

Fanebust vart skuffa då vinnaren vart det Portugisiske innslaget, som ho sjølv hadde plassert heilt nedst på lista. Forutan Noreg, hadde ho eit håp om at Ungarn skulle stikke av med sigeren. Likevel var det som alltid ein festkveld for Fanebust.

– Det var ein heilt magisk kveld. I alle fall heilt til poenga begynte å rulle inn, ler Fanebust.

Sjå vinnarlåten her:

Salvador Sobral