I ei pressemelding skriv dei at kraftstasjonen er planlagd bygd inne i fjellet og vil kunne produsere nær 180 GWh. Det er nok til å kunne forsyne om lag 9 000 husstandar med straum. Utbygginga har ein prislapp på 385 millionar kroner.
Jølstra er frå før eit fullregulert vassdrag. Søknaden som er sendt til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjeld utbygging og drift av Jølstra kraftverk mellom Tongahølen i Jølster kommune og Reinene i Førde kommune.
- LES OGSÅ:
Fokus på fornybar energi
Den nye kraftstasjonen vil nytte falla betre og delvis erstatte Stakaldefossen kraftstasjon, som i dag produserer 62 GWh.
– Vår gode erfaring og langvarige samarbeid med dei berørte kommunane og grunneigarane tilseier at denne skånsame utbygginga vil bli ønskt velkomen. Den er også i tråd med Stortinget sitt mål om å auke andelen med fornybar energi, seier produksjonssjef Olav Osvoll i Sunnfjord Energi.
- LES OGSÅ:
Bruker same vatnet på nytt
Kraftstasjonen er tenkt ved industriområdet på Moskog. Jølstra kraftverk skal nytte fallhøgda på 130 meter mellom Tongahølen i Jølster der inntaket er planlagt, og utløpet ved Reinene ovanfor Movatnet i Førde.
Det same vatnet vil bli brukt på nytt til endå meir kraftproduksjon ved at det renn vidare frå Movatnet til Brulandsfossen kraftverk lenger nede.
– Samfunnsøkonomisk vil dette vere eit godt prosjekt for alle partar. Utbygginga vil vere svært skånsam med tanke på naturen og livet i og ved elva. Inntaket og utlaupet vil vere lite synleg i terrenget, og vatnet vil gå i tunnel til kraftstasjonen som også ligg i fjell.