NRK Meny
Normal

Energistreiken kan ramme gondolbana

Streiken i energibransjen skapar vanskar for gondolprosjektet i Loen. Stryn Energi manglar montørar til å kople på straumen.

På pynten

TANKEN: Slik er det tenkt at det skal bli på toppen av Hoven i Loen. Arbeidet er godt i gang, men straumen som skal koplast til gondolbana kan bli utsett.

Foto: Arkitekt Tore Geir Aaland og siv. ing. Eva Eide Koefoed / Teikning

SISTE 3. november: EL- og IT-forbundet har gjeve Stryn Energi dispensasjon for tre montørar, slik at dei kan fullføre arbeidet med å kople Hoven-Loen-prosjektet til straum.

Straumen skulle etter avtalen koplast på fredag. No gjer streiken at dette kanskje må utsetjast.

– Vi har søkt om dispensasjon for fleire montørar. Til no har vi fått mange avslag, seier energisjef Jan Træen i Stryn Energi.

Gondolprosjektet Hoven-Loen har varsla erstatningskrav på 1,6 millionar kroner.

– Dette har vi avvist. Stryn Energi har ikkje kontroll på denne streiken, seier energisjefen.

Ekstraarbeid

Jan Træen

AVVIST: Energisjef Jan Træen i Stryn seier dei har fått mange avslag på dispensasjonssøknadane sine.

Foto: NRK

Også montørar i Årdal, Lærdal og Aurland er tekne ut i streik . Verken i Aurland eller Lærdal har streiken fått følgje for kundar, opplyser selskapa. I Stryn er derimot Træen spent på kva som skjer dei næraste dagane.

– Vi merkar mykje ekstraarbeid knytt til streiken. Og nye straumkundar ventar på å bli påkopla.

– Vi har fått dispensasjon for ein montørformann. Og på Hoven-Loen har vi i tillegg ein montør som ikkje er organisert i el og IT-forbundet, samt ein lærling. Vi har søkt om dispensasjon for tre til, seier Træen.

– Men vi har fått mange avslag. Den verkar ganske negativt so langt, seier energisjefen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.