Hopp til innhold

Nettleiga kan bli billegare

Regjeringa vil gjere endringar i energilova som vil gje lågare nettleige i Sogn og Fjordane.

Frank Willy Djuvik

URETTFERDIG: Stort kraftproduksjon gjer at det trengst mykje nett, og i Sogn og Fjordane er det få forbrukarar som deler på å betale prisen. Det er urettferdig, og grunnen til endringane, seier Frp og Frank Willy Djuvik.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Endringane vil føre til at forbrukarane i spreiddbygde område, som produserer veldig mykje straum, får mykje lågare nettleige enn i dag, seier gruppeleiar for Frp på fylkestinget, Frank Willy Djuvik.

I dag sender regjeringa forslag til endringar i energilova ut på høyring.

– Endringa handlar om eit tydeleg selskapsmessig og funksjonelt skilje mellom kraftselskapa sin nettaktivitet og det dei driv med av anna aktivitet, som kraftproduksjon, breiband og telekommunikasjon.

Djuvik seier dagens situasjon er urettferdig.

– I dag er det veldig få brukarar i Sogn og Fjordane, men på grunn av den store kraftproduksjonen treng vi veldig mykje nett. Då er det veldig få forbrukarar å fordele kostnadane på nettet på.

Gruppeleiaren meiner endringane i energilova er ein klar marsjordre til å fusjonere nettselskapa, og at dette vil føre til billegare nettleige i distrikta enn i dag.

– Ved ei samanslåing til større selskap vert nettleiga fordelt på mange fleire brukarar. Med eit stort vestlandsselskap, til dømes med alle selskapa i Sogn og Fjordane og BKK, vil ein gjennomsnittleg husstand i Sogn og Fjordane spare godt over 3000 kroner i året i nettleige, medan folk i bergensområdet må betale litt meir. Det meiner vi er heilt rett og rimeleg, seier Djuvik.