Endringa som har gjort Sogndal optimistiske før vestlandsderbyet

SOGNDAL (NRK): Ei formasjonsendring har gitt Sogndal seks poeng og sju scoringar på dei siste to kampane. No rår optimismen i saftbygda før kveldens vestlandsderby mot Brann.

FØLG KAMPEN: NRK.no sender kampen direkte frå klokka 17.50.

  • Høyr spesialsendinga som oppbygging til kampen mellom Sogndal og Brann i cupen i kveld frå klokka 14.03–17.00 i ettermiddag. Sendinga ligg litt lengre nede i artikkelen. Kva du kan vente deg i sendinga kan du lese meir om her.

– Stemninga er betrakteleg betre no enn ho var for nokre veker sidan. Det kan sjå ut som at det har losna, seier Per-Magnus Steiring.

Midtstopparen fortel at spelarane, i forkant av dei siste kampane, gjekk saman med trenarteamet om å legge om formasjonen til 4–4–2.

Ulrik Flo har stor tru på det nye systemet.

– Me er eit litt meir direkte og tolmodig lag. Vi styrer ikkje så mykje av banespelet, og det passar oss eigentleg betre, seier Sogndal-spissen.

Det har vore ein turbulent vårsesong for Sogndal Fotball. Klubben slit tungt økonomisk og har hatt det minst like tøft på bana. Der har dei slite med å leve opp til forventningane om opprykk, som dei sjølv sette før sesongstart. Dei første åtte kampane gav åtte poeng og fattige elleve scora mål.

Men dei siste kampane har laget nesten ikkje vore til å kjenne igjen. For med 3–0-siger borte mot tabelltoar Sandefjord, og 4–2 heime mot Strømmen, ser det plutseleg lysare ut for sogndølane, som i kveld møter Brann i den tredje runden i cupen.

  • Cup-spesial (14.03–17.00):
  • Cupkampen mellom Sogndal og Brann ser du direkte på nrk.no/sf frå klokka 17.50.
Laster innhold, vennligst vent..

Per-Magnus Steiring

BETRE: Steiring meiner det er betre stemning i Sogndal-leiren no, etter nokre gode kampar.

Foto: Christian Blom


Haugen i kanonform

Sigurd Haugen er ein av dei som verkeleg har blomstra dei siste kampane. Med Flo som spissmakkar, har duoen scora seks mål på to kampar. Haugen, som står for fem av scoringane åleine, er godt nøgd med samarbeidet dei to imellom.

Sigurd Haugen jublar etter kampslutt

NØGD: Sigurd Haugen har all grunn til å smile om dagen. Her etter siger mot Viking i fjor.

Foto: Sondre Dalaker / NRK (Arkivfoto)

– Ulrik spelar meg god. Han gjer mykje av dritjobben og tar mykje av kriginga med forsvararane slik at eg kan få gjere det eg er god på, score mål og skape sjansar.

Spydspissen med den giftige skotfoten er offensiv før kveldens storkamp, trass i at forskjellen mellom dei to laga er større enn den har vore på lang tid.

– Me er alle svært glade for at me trakk Brann. Me har ingenting å tape, så me skal ut og angripe, seier Haugen.

Klare for å gå i strupen på Brann

For Sogndal-trenar Eirik Bakke sit det bitre 2–3-tapet mot Brann i 2017 framleis i ryggmergen. Den gongen leia Sogndal 2–0 til det var att ein knapp halvtime. No håpar den tidlegare Sogndal- og Brann-spelaren på revansje.

– Eg trur alle i garderoben veit kor viktig denne kampen er. Folk i Sogndal og supporterane er klar på at det skal givast full gass og me må gå ut og gje alt.

Han meiner at Brann er favorittane, men trur likevel Sogndal skal ha gode sjansar, dersom dei tør å spele sitt spel og fortset å angripe.

PS: Det er snart 43 år sidan den store NM-finalen mellom Brann og Sogndal.

Eirik Bakke

GAMMAL BRANNHELT: Eirik Bakke, som tok gull med Brann i 2007 kjenner rivaliseringa mellom dei to laga betre enn dei fleste.

Foto: Tor Richardsen, Richardsen, Tor