Hopp til innhold

Endrar stengetider på bru etter kritikk

Statens vegvesen endrar arbeidstida på vedlikehaldsarbeidet på Brandangersundbrua i Gulen.

Brandangersundbrua

BLIR NATTESTENGD I STADEN: Brandangersundbrua er fastlandssamband for både Sandsøya og Byrknesøy i Gulen.

Foto: Birger Meland (mms) / NRK

Brua vart meir eller mindre stengt tysdag på grunn av målingsarbeid. Men næringslivet i området klaga på stenginga, og at vogntog med ferskvarer ikkje kom seg ut av området.

– Det viste seg at arbeidet som vi hadde tenkt å gjere på dagtid blei ei stor utfordring både for entreprenør og dei som trafikkerer brua. Vi har no lagt om arbeidstida slik at vi kjem til å jobbe på natt, opplyser Audun Borlaug i Statens vegvesen.

Til vanleg går det 30 til 35 vogntog inn og ut frå næringslivet i området.

– Med ei bru som er stengd to timar i slengen, så hopar det seg opp. Vi får ikkje bilane ut, og vi brukar for lang tid på transporten, sa Stein Inge Larsen i Byrknes Servicesenter til NRK tidlegare fredag.

Protestane førte altså fram, og Vegvesenet reknar med at flyttinga av arbeidet til nattetid skal gjere at langt færre skal bli råka av stenginga.

– Det er i alle fall mykje mindre trafikk då, og vi opnar tre gonger på natta så trafikk kan sleppe forbi, seier Borlaug.