Hopp til innhold

Endrar legevakttilbodet: – Det blir betre

Med to legar på vakt blir legevakttilbodet i Sunnfjord og Ytre Sogn mykje betre frå nyttår. Det er lovnaden frå legevaktsjefen.

Øystein Furnes

ENDRAR TILBODET: Innbyggjarane i Sunnfjord og Ytre Sogn skal frå nyttår møte eit endra, og betre legevakttilbod, seier Øystein Furnes.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt (SYS IKL) gjer fleire endringar frå 4. januar. Medan det i dag er ein lege på vakt i legevakta sine opningstider, skal det frå nyttår vere to.

– Delvis er dette for å sikre at pasientane møter erfarne legar på vakt, og at vi ikkje har uerfarne legar på vakt åleine, seier legevaktsjef ved SYS IKL, Øystein Furnes.

– Den andre fordelen er at vi har større moglegheit til å rykke ut ved akuttilstandar, også til sjukeheimar, i staden for å sende pasientar inn til legevakta.

– Var for dårleg dimensjonert

Det er fleire grunnar til at legevakttilbodet i Sunnfjord og Ytre Sogn blir endra. Furnes seier endringa først og fremst kjem av krava i samhandlingsreforma, der kommunane pliktar å tilby øyeblikkeleg hjelp døgnsenger. Det er også kome ny akuttmedisinsk forskrift som mellom anna stiller strenge krav til organiseringa av legevaktene.

– I tillegg erkjente vi at legevakta var for dårleg dimensjonert i forhold til dei geografiske avstandane vi skal dekke. Alle desse momenta har vi no klart å knyte saman i den nye legevakta, seier han.

For i tillegg til at det blir to legar på vakt, blir det oppretta fire såkalla øyeblikkeleg hjelp døgnsenger. Desse er plassert i det som før var AMK-sentralen ved sjukehuset i Førde, i form av to dobbeltrom. På desse kan pasientar som før hadde blitt lagde inn på sjukehus få pleie og behandling.

– Dette er pasientar som er stabile, der tilstanden er avklart på legevakta og ein ikkje fryktar at pasienten kan bli alvorleg sjuk. Det kan vere til dømes ukomplisert lungebetennelse eller personar som har fått for lite væske, seier Furnes.

– Betydeleg betre legevakt

Medan innbyggjarane i legevaktdistriktet før fekk kontakt med ein AMK-operatør då dei ringe legevaktnummeret, vil dei no få snakke med ein legevaktsjukepleiar.

– Fordelen med å skifte til at det er ein legevaktsjukepleiar som tek telefonen, er at innringarane får snakke med ein sjukepleiar som er meir vand med å snakke med den pasientgruppa vi har på legevakta, seier Furnes som understrekar at folk skal ringe same nummer som før.

Eit nytt bygg for legevakta er no under oppføring, og etter planen skal legevakta flytte inn sommaren 2017. Men allereie frå nyttår lovar legevaktsjefen eit betre tilbod.

– Innbyggjarane får ei kvalitetsmessig betydeleg betre legevakt, med betydeleg større kapasitet. Dei får ei legevakt som også har reell moglegheit til å rykke ut til akutte tilstandar og til sjukeheimar, heller enn å ta pasientane inn til legevakta. Vi sikrar oss på denne måten også at pasientane møter erfarne legar på legevakta, som har god støtte i at det er fleire sjukepleiarar på vakt til ei kvar tid.