NRK Meny
Normal

Endrar ikkje sukkeravgifta

Høgre fekk ikkje medhald i Stortinget om å halvere produktavgifta, skriv Sogn Avis.

Brusproduksjon på Lerum fabrikker
Foto: NRK

Partiet har gått inn for at avgifta må halverast på varer som er produsert av frukt og bær.

Lerum fabrikker i Sogndal har lenge kjempa mot avgifta , og meiner den er urettferdig.

- Eg håper at vi får med oss dei raud-grøne partia neste gong vi tek opp denne viktige saka for Lerum-verksemda og bær- og fruktprodusentane, seier Jan Tore Sanner som er finanspolitisk talsmann i Høgre.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.