Endrar ferjerute i Sogn

Høg vasstand fører til endringar på ferjesambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik i dag. Ferja vil gå Hella-Balestrand kl. 12.35 og 13.45, samt Balestrand-Hella kl. 12.50 og 14. Ingen ferjer legg til kai i Dragsvik i perioden med innstillingar.