Hopp til innhold

Endra tiltale i barnepornosak

Aktor Knut Broberg endra i går tiltalen i saka mot rektoren som er tiltalt for nedlasting av barneporno.

Knut Broberg

ENDRAR TILTALE: Aktor Knut Broberg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I utgangspunktet var rektoren tiltalt for å ha lasta ned 350 bilete, men Broberg sa i retten i går at det handlar om ein stad mellom 20 og 40 bilete i tillegg tilsåkalla thumbs (små bilete).

Broberg seier til Sogn Avis at han vil byggje tiltalebeslutninga på det som har kome fram i retten og sjå om det er bevismessig dekning for det.

Han seier at ei slik endring i tiltalen og vil ha følgjer for straffeutmålinga.

I retten kom det fram at eit vitne i saka truleg har teke feil i forklaringa si om ein bestemt katalog på datamaskina til denn tiltalte. Vitnet sa at maskina vart levert til politiet på grunn av funn på denne katalogen, men politiet fann ikkje noko då dei gjekk gjennom katalogen, skriv Sogn Avis .