Hopp til innhold

Politiet meiner trippeldrapet var planlagt

Politiet skjerpar siktinga mot sørsudanaren som er sikta etter trippeldrapet på Valdresekspressen. Forsvarar Fredrik Verling er ikkje overraska.

Trippeldrap på buss i Årdal

TRIPPELDRAP: Både bussjåføren og to passasjerar vart i november i fjor drepne av ein sørsudanar i 30-åra.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Mannen har sidan hendinga i Årdal i november i fjor vore sikta for forsettleg drap.

Politiet meiner drapa har vore planlagde, og endrar no siktinga til tre tilfelle av overlagt drap.

– Det ligg i siktinga at handlingane var planlagde, og at det ligg vurderingar bak. Det er ikkje tale om noko impulsiv handling, seier politiadvokat Jørn Lasse Refsnes til NRK.no.

Risikerer 21 års fengsel

Jørn Lasse Førde Refsnes

POLITIADVOKAT: Jørn Lasse Førde Refsnes seier politiet no ser seg ferdige med etterforskinga av trippeldrapet i Årdal.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Refsnes vil ikkje gå ytterlegare inn på kva vurderingar politiet har gjort når dei no endrar siktinga. I utgangspunktet tok politiet høgde for drapa kunne vore gjort i affekt og sikta mannen for brot på straffelova § 233, første ledd.

Overlagt drap har ei strafferamme på 21 års fengsel. Aktlaust drap har ei strafferamme på fengsel i tre år, eller seks år dersom handlinga vart gjort under særskilde omstende.

– Eg kan ikkje gå nærare inn på detaljane. Det må ein vente med til statsadvokaten og riksadvokaten har avgjort påtalespørsmålet og det ligg føre ein tiltalevedtak, seier Refsnes.

Ikkje overraska

Fredrik Verling

FORSVARAR: Fredrik Verling er forsvarar for den trippeldrapssikta mannen i 30-åra.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

Forsvarar Fredrik Verling seier at han ikkje er overraska over endringa.

– Det ligg i sakas natur at det påtalemakta finn grunnlag for å sikte han for, det siktar dei han for. Så blir det opp til meg som forsvarar gjere min jobb vidare, seier han og ikkje har ytterlegare kommentar til siktinga.

Politiet seier seg no ferdige med etterforskinga i saka, og sender den no vidare til statsadvokat og riksadvokat. Etter planen håpar Refsnes å få saka opp for domstolen i september.

Vil ikkje forklare seg

Mannen er av sakkunnige rekna som strafferettsleg pårekneleg. Han har så langt ikkje ville la seg avhøyre av politiet, og politiadvokat Refsnes seier dei no ikkje vil gjere nye framstøyt for å få snakka med den sikta mannen i 30-åra.

Dei gjorde måndag nye framstøyt i fengsel, men den sikta mannen i 30-åra vil ikkje snakke med politiet.

– Vi kjem nok ikkje til å gjere nye framstøyt med tanke på å få til eit avhøyr, men han har sjølvsagt moglegheit til å gjennom sin forsvarer kontakte politiet dersom han ynskjer å forklare seg, seier Refsnes.

Avsluttar etterforska

Forsvarar Verling vil ikkje kommentere kvifor klienten hans nyttar seg av retten til å ikkje forklare seg for politiet

Han vil heller ikkje kommentere om dette er noko som kan endre seg fram mot rettssaka.

– No avsluttar vi etterforskinga utan hans forklaring, og saka blir sendt til statsadvokaten som igjen skal sende saka til Riksadvokaten. Det er dei som har påtalekompetansen i denne type saker, seier politiadvokat Refsnes og håpar å få saka opp i tingretten til hausten.

– Godt nok opplyst

– At den sikta ikkje ynskjer å la seg avhøyre, kva får det å seie for saka?

– Slik denne saka er, med dei handlingane som er gjort, så stiller ein seg ein del spørsmål knytt til motiv. Hans forklaring kunne belyst det på ein betre måte enn i den er i dag, men ein sikta i ei straffesak har høve til å nekte å forklare seg dersom han ynskjer det.

– Politiet meiner forklaringa hans ikkje er avgjerande i høve til straffespørsmålet, så saka er etter politiet sitt syn godt nok opplyst til å kunne påtalevurdere den utan hans forklaring, avsluttar Refsnes.