Hopp til innhold

Endra finansreglement på 14 minutt

Tidlegare rådmann i Bremanger, Tor Kristian Gulhaugen, endra finansreglementet utan å få det godkjent av dei folkevalde.

Tor Kristian Gulhaugen

Tidlegare rådmann Tor Kristian Gulhaugen endra finansreglementet slik at derivatavtalane med Terra kunne gjennomførast.

Foto: NRK

Då kommunen skulle inngå avtalane i 2006, sende den dåverande rådmannen kommunen sitt finansreglement til Terra i ein epost.

I denne eposten var ikkje opsjonar inkludert som moglege produkt kommunen kunne handle med. 14 korte minutt seinare gjekk ein ny epost med eit nytt finansreglement som opna for kjøp av opsjonar.

- Vi har ikkje noko dokumentasjon som underbygger at endringa har vore oppe til handsaming i Bremangers kommunestyre, skriv PricewaterhouseCoopers.

Vart villeia

Endringa, som ikkje var godkjent av verken kommunestyre eller formannskap, opna dermed for at kommunen kunne gjennomføre kjøp av derivatavtalane. Avtalar som no påfører kommunen tap på fleire millionar kroner.

Tom Joensen

Rådmann i Bremanger, Tom Joensen, er glad for at fylkesmannen ikkje pålegg kommunen tvangssal av derivatavtalane.

Foto: Steinar Lote / NRK

I ei pressemelding stadfestar Bremanger kommune endringa som Gulhaugen gjorde.

- Vedkommande har i sitt arbeid diverre latt seg forlede av meklarar som i si rådgjeving har råda kommunen til å inngå avtalar "som gav dem selv høyset mulig provisjon" og som var driven av "et vesentleg profittmotiv", skriv noverande rådmann, Tom Joensen, og siterer rapporten til revisjonsselskapet.

Må svare for sjølve

Arbeidsforholdet med Gulhaugen er no avslutta, og kommunen ynskjer ikkje å kommentere forholdet ytterlegare.

Kommunen har til no i år tapt 14 millionar kroner på derivata.

Fylkesmannen har kome fram til at derivatavtalane er brot både på kommunen sitt eige vedtekne finansreglement, og kommunelova .

- Vi sler fast at det frå administrasjonen si side er sendt ein epost med eit reglement, og så er det svært kort tid seinare sendt eit anna reglement. Korleis dette kan skje, er noko dei folkevalde og administrasjonen må gå igjennom, seier fylkesmann Oddvar Flæte.